IT-konsulent - Brukarstøtte
None
Gurskøy
BeskrivelseSøre Sunnmøre IKT er per i dag eit interkommunalt samarbeid med utgangspunkt i kommunelova. Det er sju kommunar i samarbeidet: Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta, som samla sett har ca. 50 000 innbyggarar. Våre primære tenester er drift, utvikling og brukarstøtte av IKT-system for om lag 14 500 tilsette og grunnskuleelevar i dei sju kommunane. Vi er per no 20 tilsette i selskapet. Dei tilsette arbeider innanfor tre ulike avdelingar: brukarstøtte, driftssenter og fagområde. Selskapet vert ofte omtala som SSIKT, som er ei forkorting for Søre Sunnmøre IKT. Vi har ledig to 100% stillingar i vår brukarstøtteavdeling. Vi leitar etter deg som er ein serviceinnstilt problemløysar, som vil arbeide med menneske og har stor interesse for IKT. Du vil vere ein del av eit team på 11 personar med ansvar for å yte brukarstøtte til våre eigarkommunar. Arbeidsstad er p.t. Dragsund i Herøy kommune, men det kan bli endra innanfor det geografiske området til dei sju kommunane. ArbeidsoppgåverSupport og sakshandsaming per telefon og i sakssystemBrukaradministrasjonKlienthandteringBestillingarFeilsøking og feilretting av hardware og softwareUtarbeide brukardokumentasjon og bidra til organisasjonslæring Ta del i ulike prosjektKvalifikasjonarRelevant høgare utdanning eller fagbrev i IKT-servicefag Erfaring innan brukarstøtteErfaring med feilsøking og feilretting på IT-utstyrGod IT-teknisk forståingHøg serviceinnstillingRelevant erfaring kan kompensere for manglande utdanningFørarkort klasse BPersonlege eigenskaparLikar å arbeide med menneske og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerEr strukturert, tolmodig og målrettaEr opptatt av å yte god service og har gode norskferdigheiter skriftleg og munnlegEr kvalitetsbevisst og tek eigarskap for dine oppgåverHar stor arbeidskapasitet og god prioriteringsevne Har brennande interesse for IKT-faget og vert motivert av å hjelpe brukaren med tekniske problemPersonlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.Vi tilbyrEin spanande og utfordrande arbeidskvardagGodt arbeidsmiljøFleksibel arbeidstidLøn etter avtaleGode pensjonsvilkår i KLPKontaktinformasjonGuro Gausemel, Dagleg leiar, 419 30 300, guro.gausemel@ssikt.noSindre Moltu Riisøen, Leiar bukarstøtte, 932 61 346ArbeidsstadNedre Dragsund 26080 GurskøyNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Søre Sunnmøre IKT (SSIKT)Referansenr.: 4711170767Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 17.10.2023
Nedre Dragsund 2, 6080 GurskøyStort kartHybridkartFlyfoto