Rådgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Molde
Økonomiansvarleg FRAM ferje
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgiver
Frist
24.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune
Vi søker deg som er fagleg dyktig og samarbeidsorientert til stillinga som økonomiansvarleg for ferje i maritimt team i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.FRAM er fylkeskommunen si kollektivavdeling og har mellom anna ansvaret for 20 fylkesvegferjesamband og tre hurtigbåtsamband. Kontraktsporteføljen innan ferjedrift består av seks kontraktar med til saman tre operatørar. Hurtigbåtdrifta er organisert i ei eiga kontrakt der økonomioppfølginga i dag vert gjort saman med bussdrift.I 2024 vil FRAM kjøpe ferjetenester for om lag 1,2 mrd. kroner og hurtigbåttenester for om lag 200 mill. kroner. I 2024 budsjetterast det med om lag 200 millionar kroner i inntekter frå båt- og ferjedrifta.Som økonomiansvarleg for ferje vil hovudoppgåva di vere å ha oversikt over økonomien knytt til ferjeforvaltninga iFRAM. Andre viktige oppgåver vil vere oppfølging av økonomiarbeid opp mot leiinga i FRAM og sentral økonomistab i fylkeskommunen. Du vil også vere ein ressurs inn mot utgreiingar, anbodsprosessar og jobbe tett med dei kontraktsansvarlege på maritimt team hos oss.ArbeidsoppgåverAnsvarleg for budsjett, rapportering og årsoppgjer ferjeFagressurs økonomi for kontraktsforvaltarar på teamet, samt leiinga i FRAMUtarbeiding av saksframlegg for politisk behandlingKontakt og samhandling med reiarlagOppfølging av inntekterOppfølging av eigen ferjekontraktVi søker deg som harrelevant høgare utdanning innan økonomi, minimum på bachelornivå. Andre utdanningsretningar eller erfaring frårelevant arbeidsområde kan i særlege tilfelle vere aktuelt.evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og med god fagleg gjennomføringsevneDet blir elles vektlagt at du:er initiativrik og løysingsorienterthar god arbeidskapasitet og er engasjerthar god skriftleg og munnleg framstillingsevneer god på kunnskapsdeling, involvering og samarbeidVi tilbyrei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljøgod tilgang til faglege nettverk og fagleg utviklingoffentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikringløn etter avtaleOm arbeidsplassenI tillegg til fylkesvegsambanda og hurtigbåtsambanda som Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom FRAM har ansvar for, blir det produsert om lag 18,4 millionar rutekilometer med buss kvart år. Vi er med på det grøne skiftet i transportsektoren, og har starta på elektrifisering av buss- og ferjetilbodet. Kollektivavdelinga FRAM består av to seksjonar som arbeidar med kollektivtrafikken i fylket - driftsseksjonen og marknadsseksjonen.Om driftsseksjonen:Seksjonen består av tre team; maritimt, kollektiv og forvaltning, og har ansvaret for dagleg oppfølging av eksisterande kontraktar på kollektivområdet, det vil si kontraktsoppfølging av buss, båt og ferje samt ruteplanlegging og optimalisering av ruter. Utforming av nye kontraktar og innkjøp av desse er organisert som prosjekt.Seksjonen har også ansvar for mellom anna skoleskyss, drosjeløyve og TT-ordninga.Stillinga vil ha kontorstad i Molde. Noko reiseaktivitet må påreknast.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Nettverk
Facebook
LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Juridiske tjenester,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
Økonomiansvarlig, Ferje, Samferdsel, Økonomi, Rapportering
Foto: Terje Aamodt
(1/1)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Stig Helle-Tautra
Stillingstittel
Avdelingssjef FRAM
Telefon
71 28 02 53
Mobil
93 40 46 26
Send melding
Kontaktperson
Jesper Wiig
Stillingstittel
seksjonsleder FRAM Drift
Telefon
71 28 02 87
Mobil
97 58 65 33
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Møre og Romsdal Fylkeskommune
Følg firma
299 følger dette firmaet
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto