Teknisk inspektør
Fjord1 AS
Florø
Teknisk inspektør
Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Teknisk inspektør
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Fjord1 er verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og har dei siste åra sikra seg ein leiande posisjon innan vår bransje gjennom nye anbodskontrakter. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og med ei av verdas mest teknisk avanserte fartøysporteføljer, skal vi vere best i bransjen på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport! Ein av våre teknisk inspektørar skal igjen sette sjøbein, og vi har difor ledig stilling som teknisk inspektør til vår driftsorganisasjon i Florø.Som teknisk inspektør blir du ein del av eit dedikert team som har ansvar for ei definert fartøyportefølje. Dette inneberer at du har ansvar for den tekniske tilstanda til fartøya, og sikre at dei til ei kvar tid er i optimal teknisk stand. Stillinga inngår i eit større team på omkring 15 engasjerte kollegaer med brei erfaring og høg kompetanse. Her vil du finne eit inkluderande og stimulerande arbeidsmiljø prega av høg aktivitet og tempo. Du vil også inngå i vårt tekniske fagnettverk som skal bidra til erfaringsoverføring, kompetanseheving og sikre ein proaktiv sikkerheitskultur. Vi ønsker svært gjerne at du har kompetanse og erfaring frå drift og vedlikehald av hurtigbåt. Om du er detaljorientert, teknisk kunnskapsrik og setter kvalitet høgt trur vi dette kan være jobben for deg!
Arbeidsoppgåver
Teknisk oppfølging av fartøy Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos) Oppfølging av budsjett/økonomi Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskapStillinga innebærer ein del reising
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning, t.d maskin, nautikk eller anna teknisk fagretningKompetanse innan hurtigbåt er ønskjeleg Kjennskap til skip/maritim drift Kjennskap til skipselektroGode norsk- og engelskkunnskapar God kjennskap til bruk av IT som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
Strukturert og systematisk arbeidsformProaktiv, resultatorientert og fleksibel Sjølvstendig og beslutningsdyktig Gode samhandlings og kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr
Ei utfordrande og sjølvstendig stilling Moglegheit for å lære, vekse og utvikle segDyktige kollegaerKonkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning Godt arbeidsmiljø Fleksible arbeidsordningar Gode velferdsordningar
Om arbeidsgiveren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør. Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Sted
Strandavegen 15, 6900 Florø
Bransje
Maritim og offshore,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Sjøfart / Maskinist
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Andreas Johnsen Flæte
Stillingstittel
Operativ leiar
Telefon
41 62 02 94
Kontaktperson
Malin Steinset
Stillingstittel
HR Rådgjevar
Telefon
47 39 39 97
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra FJORD1 ASA
Følg firma
198 følger dette firmaet
Strandavegen 15, 6900 Florø
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto