Teknisk Koordinator
Alsaker Fjordbruk AS
Onarheim
Har du erfaring med vedlikeholds- og kvalitetssystemer?
Arbeidsgiver
Alsaker Fjordbruk AS
Stillingstittel
Teknisk Koordinator
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks. Kvalitetskoordinatoren vår skal bli ordførar, og det gjer at me no er på utkikk etter ein som kan ta over oppgåvene hans.Arbeidsoppgåver:Registrering og oppdatering i vedlikehaldssystem (Naviaq)Oppfølging av fortøying, flåtar og utstyr på anleggPlanlegging av vedlikehaldsoperasjonarArbeid i EQS kvalitetssystemDelta i revisjonarAnna administrativt arbeidKvalifikasjonar:Relevant utdanning og/eller erfaring frå oppdrettsverksemd. Erfaring med vedlikehaldssystem og generelt gode datakunnskapar. Me ser etter deg som arbeidar systematisk og nøyaktig. Du er sjølvstendig i arbeidet ditt, samtidig som du er god på dialog og samarbeid. God teknisk innsikt er ein føresetnad. Kjennskap til IK Akva og NYTEK vil vera ein fordel. Kontorstad er Onarheim, der du vil arbeida tett saman med våre dyktige tilsette på sjø og land. Dette er ein utfordrande og spanande jobb, i eit fagleg sterkt og humørfylt miljø.Du vil få nødvendig opplæring, med moglegheit for fagleg utvikling.Ein del reiseaktivitet må påreknast.Løn og tiltreding etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.noAlsaker Fjordbruk AS er administrasjonsselskapet til alle selskapa i konsernet. Hovudkontoret ligg på Onarheim i Tysnes kommune, og har ein stab på 35 personar.I tillegg til hovudkontoret har konsernet fleire andre bedrifter også tilhøyrande på Onarheim, som matfisklokasjonar, rensefiskanlegg, servicebåtar samt brønnbåtrederi, service og produksjonsbedrift, i tillegg til butikk og utleigeverksemd.
Nettverk
Facebook
LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Kvalitetssikring,
Revisjon og kontroll
Nøkkelord
Kvalitetssystem, Vedlikeholdssystem, Revisjon, Oppdrettsnæring, Dokumentasjon
(1/6)
(3/6)
(4/6)
(5/6)
(6/6)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Hans Helge Vik
Stillingstittel
Driftsdirektør
Telefon
53 43 01 06
Mobil
99 21 01 06
Send melding
Kontaktperson
Lena Vermedal
Stillingstittel
Kvalitetsleiar
Telefon
53 43 01 03
Mobil
99 21 01 03
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Alsaker Fjordbruk AS
Følg firma
103 følger dette firmaet
Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim