Avdelingsleiar i heimetenesta
Time kommune
Bryne
Vil du vera med og utvikla morgondagens heimetenester?
Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar i heimetenesta
Frist
16.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Heimetenesta er ei teneste i stadig utvikling, knytta til auka behov for heimetenester og endringar i korleis tenestene blir leia og levert. Til dei dyktige medarbeidarane i avdeling vest (heimetenester og bufellesskap), søker Time kommune nå ein samlande og motiverande leiar. Avdelinga held til på Sivdamsenteret, sentralt på Bryne. Verksemda heimetenester- og rehabilitering har fire avdelingar. Avdelingane samarbeider tett, og arbeider systematisk med fagleg utvikling. Avdelingsleiar inngår i verksemdleiar si leiargruppe og deltek i kommunedirektøren sitt leiarforum. Verksemda har fagutviklar som inngår i leiar- og stabsgruppa. Som avdelingsleiar er du ein synleg leiar med dagleg driftsansvar og oppfølging av ei flott personalgruppe med høg kompetanse. Du er ein leiar som tek ansvar for heilskapen, og fagleg- og organisatorisk utvikling. Du er ein tydeleg og engasjert leiar som trivast med personalleiing.
Arbeidsdagen din...
inneber at du er synleg og kjenner pulsen på det som rører seg i avdelingainneber at du samarbeider tett med dei gode leiarkollegaene dine, og andre samarbeidspartar i kommuneninneber at du i det daglege går foran og inspirerer til nye måter å løysa oppgåvene på inneber at du tek ansvar for personaloppfølging, turnus og økonomi i eiga avdelinginneber at du rapporterer til- og samarbeider tett med verksemdsleiar, innan ditt arbeids- og ansvarsfelt
Kven søkjer me?
Me søkjer deg som brenn for å utvikla og organisera tenestane saman med medarbeidarene dineMe søkjer deg som har evna til å nytta kompetansen og eigenskapane hos den einskilde medarbeidar, og legga til rette for at me skal gjera kvarandre godeMe søkjer deg som er oppteken av kvalitet og service, som kan nytta IKT- verktøy, og har god økonomisk forståingMe søkjer deg som er sjukepleiar. Du har gjerne relevant erfaring frå heimetenester og/ eller innanfor leiiing, men dette er ikkje eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Saman med dei tilsette i avdelinga og leiarkollegaer, har me kome fram til nokre eigenskapar som me ønskjer at den nye avdelingsleiaren vår har:Du er positiv, har godt humør og bidreg til det gode sosiale samholdet i avdelingaDu engasjerer dine medarbeidarar, ved at du går foran, motiverer og er tydeleg i di leiingDu gjer dine medarbeidere gode, ved å både utfordra, men og ved å vere ei støtte i krevjande situasjonerDu er ein god lagspelar som er oppteken av å behalde det tette samarbeidet mellom avdelingar og leiarar i verksemda
Kva får du hos oss?
Ein spennande arbeidsplass med høgt fokus på kompetanse og kvalitetEit godt arbeidsmiljø som me er stolte av! God opplæring og eigen fadderEi dyktig leiargruppe som samarbeider tett og som har fokus på å gjera kvarandre godeDet er gode mogelegheiter for fagleg- og personleg utviklingFleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar Her er ein liten film frå ein arbeidsdag i heimetenesta:https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen. Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Røyrvika 13, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
sykepleiar,, sjukepleiar,, organisator
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Kristine Ims Larsen
Stillingstittel
Verksemdleiar
Telefon
99 59 52 62
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Time Kommune
Følg firma
537 følger dette firmaet
Røyrvika 13, 4340 Bryne
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto