Helgestilling rehabilitering Sivdamheimen
Time kommune
Bryne
Helgestilling Sivdamheimen rehabilitering
Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Helgestilling rehabilitering Sivdamheimen
Frist
17.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Er du ein engasjert og lærevillig person med interesse for menneska rundt deg? Då håper me at du søker på stillinga her på korttids- og rehabiliteringsavdelinga på Sivdamheimen. Me har ledig helgestilling kvar 3. helg, som vil passa utmerka for deg som er helsefagarbeidar, eller er under utdanning til sjukepleiar/vernepleiar. Stillinga kan også vera aktuell for deg som har eit stort engasjement for å bidra til å gje god pleie og omsorg til pasientane ved avdelinga. På korttids- og rehabiliteringavdelinga vil du få eit godt arbeidsmiljø med mange moglegheiter for fagleg utvikling. Me tilbyr gode studentordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar. Me ønsker deg som er positivt innstilt og engasjert, og på denne måten bidrar til eit godt arbeidsmiljø.Avdelinga har mellom anna fokus på opptrening for at pasientane skal kunna meistra kvardagen i eigen bustad. Det er og ei lindrande eining ved avdelinga. Sivdamheimen ligg sentralt til på Bryne, og med gangavstand til togstasjonen.
Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorg til pasientaneDokumentasjon etter lov og forskriftSamarbeid med brukarar, pårørande og kollegaerTurnus kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
Offentlig godkjent helsefagarbeiderSjuke-/vernepleiarstudentar blir oppfordra til å søkjeStudentar eller elevar med annen relevant bakgrunn vil verta vurderteErfaring frå hjemmetjeneste eller institusjon blir lagt vekt påDu må kunne gjera deg forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2.Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner, og kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmijøEvne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførastDu må like utfordringar, og ha evne og vilje til å tilegna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidetEvne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskapDu må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydelegPersonlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
Gode stipedordninger for sjuke- og vernepleierstudentarEin spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljøNært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utviklingHer er ein filmsnutt frå ein kjekk arbeidsdag i verksemda: https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevarTime kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Sted
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Anlaug Øie
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
47 62 88 66
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Time Kommune
Følg firma
539 følger dette firmaet
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto