Rosselandslaget treng nye lagspelarar
Time kommune
Bryne
Rosselandslaget treng nye lagspelarar
Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Rosselandslaget treng nye lagspelarar
Frist
15.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
På Rosseland skule er me opptatt av å spela på lag og gjera kvarandre gode. Hos oss er både elevar og tilsette på landslaget - Rosselandslaget!Saman skapar me den gode skulen, der målsettinga er at kvart barn skal ha framgang i si læring og utvikling.For å få dette til, er me på jakt etter deg som likar å spela på lag, og som kan sjå og møta den enkelte eleven eller tilsette som ein aktiv medspelar. Kanskje er du open for ein "overgang" til oss på Rosselandslaget? Kanskje har du gjort noko anna enn å vera lærar ei stund, men lengtar tilbake til det pulserande livet på ein moderne og stor barneskule ? Kanskje er du på flyttefot til Jæren, eller Sør-Rogaland? Kanskje er du ein nyutdanna og framoverlent lærar som er på jakt etter draumejobben?Me treng forsterkingar på laget, då fleire små "miniputtar" er på veg. Er det deg me er på jakt etter? Dette er jobbane me kan tilby:Lærarar, 100 % fast :Me har ledig 4 faste lærarstillingar frå 01.01.2024. Me er særleg ute etter lærarar som har mest lyst til å undervisa på 1.-4.trinn, og som ønskjer å vera kontaktlærar. Me har òg behov for ein faglærar på mellomtrinnet, som m.a. kan undervisa i englesk og naturfag Rosseland skule er ein stor barneskule som ligg sentralt plassert i Bryne. Skulen har frå hausten 2023 om lag 560 elevar, og 75 tilsetteMe kan tilby eit flott skulebygg, som er godt utstyrt. Me er ein digital skule, og brukar lærebrett (iPad) i undervisninga: Alle elevar og tilsette har sitt eige lærebrett. Skulen er ein del av "Jærskulen", og me ønskjer derfor å fornya oss, og vera i front av den generelle skuleutviklinga, både lokalt og nasjonalt. Skulen er praksisskule for lærarstudentar frå UIS.Me arbeider kvar dag for at barnet skal bli møtt og sett, og oppleva meistring aleine og saman med andre på laget vårt.Me er opptekne av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Me er sertifiserte som Olweusskule og jobbar aktivt med "Laget rundt læraren og eleven", som er eit tverrfagleg samarbeid med blant anna PPT og helsesjukepleiar. Me har ein sosialfagleg ressursperson som arbeider både førebyggande, og med enkeltsaker der barn opplever å ha det vanskeleg.
Arbeidsoppgåver
Lærar 1:Kontaktlærar på 1.trinn, med undervisning i dei fleste fag i klassen. Lærar 2 og 3:Faglærar, spes.pedlærar eller ressurslærar på 1.-4 trinn. Det kan òg bli aktuelt å vera kontaktlærar. Lærar 4: Faglærar på 6.-7.trinn, med hovudvekt på engelsk og naturfagFokuset i alt me gjer:Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for det enkelte barnet? Me fokuserer spesielt på lesing og elevmedverknad
Kvalifikasjonar
Lærarar:Godkjent allmennlærarutdanning eller GLU 1-7/MGLU1-7, med godkjent kompetanse i norsk og matematikk. For ei av stillingane trengs i tillegg godkjent kompetanse i engelsk For alle stillingane:- Har gode norsk-kunnskapar. Både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen- Har god digital kompetanse- Det er krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Me søker etter deg som har evna til å sjå potensialet i kvart enkelt barn- Du er ein trygg og tydeleg læringsleiar- Du har mot til å meina; er tydeleg, robust og engasjert- Du er ein lagspelar, og kan bidra med din spisskompetanse- Du har evne til å ta ansvar for eiga utvikling, og ta til deg ny kunnskap
Vi tilbyr
Lønn etter tariffEin av dei beste pensjonsordningane i landet!Eit kollegium som er opptekne av å finna løysingar samanEit kollegium med god trivsel og mykje humorEit kollegium med mangfald når det gjeld alder og kjønnRettleiingsprogram for nyutdanna lærararOpplæring for nytilsette i Olweus sitt antimobbeprogram, SOL (systematisk observasjon av lesing)
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Dronning Mauds gate 3, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
lærer,, lærar,, timeskulen,, jærskulen
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Geir Soma
Stillingstittel
Rektor
Telefon
97 58 16 36
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Time Kommune
Følg firma
537 følger dette firmaet
Dronning Mauds gate 3, 4340 Bryne
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto