Spesialpedagog
Time kommune
Bryne
Spesialpedagog
Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Spesialpedagog
Frist
24.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Spesialpedagog i fast 100 % stilling frå 01.01.24.
Arbeidsoppgåver
Som spesialpedagog vil du utføra arbeid i kommunale og private barnehagar i Time kommune. Arbeidsoppgåvene vil vera i forhold til barn med særlege behov, oppfølging av enkeltvedtak og tilrettelagt opplæring for enkeltbarn og barn i gruppe. Som spesialpedagog skal du sørga for at barn får den utviklingsstøtta dei treng og legga til rette for å gje barna eit inkluderande og likeverdig tilbod. Du vil ha ansvar for rettleiing av tilsette og foreldre, og ansvar for utarbeiding og oppfølging av IOP, individuell opplæringsplan.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning, med vidareutdanning innan spesialpedagogikk- Me legg vekt på at du har erfaring frå arbeid i barnehage- Du behersker norsk, både munnleg og skriftlegDet er krav om politiattest for tilsetting i barnehage.
Personlege eigenskapar
Arbeidsoppgåvene krev at du har gode samarbeidsevner, evne til å ta ansvar og at du kan arbeida sjølvstendig. Du må vera løysingsorientert, fleksibel og vera eigna til stillinga.
Vi tilbyr
Kommunale tilsettingsvilkår og pensjonsordningLønn etter tariff
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Sted
Arne Garborgs veg, 4340 Bryne
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog
Nøkkelord
spesialpedagog,, barnehage
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Helga Sigbjørnsen
Stillingstittel
Rådgjevar barnehage
Telefon
95 07 83 75
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Time Kommune
Følg firma
539 følger dette firmaet
Arne Garborgs veg, 4340 Bryne
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto