Badeverter
Austevoll kommune
Storebø
Søkjer symjedyktig
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Badeverter
Frist
01.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Badeverter
Om arbeidsstadenKommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.Austevollbadet ønskjer å vere Austevoll kommune sitt folkehelsefyrtårn. Gjennom veka forgår det mange aktivitetar i Austevollbadet. Vi tilbyr alt frå symjekurs og ulike treningstilbod for alle aldergruppar, i tillegg til badebursdagar og publikumstidene for bading.Om stillingaVi søkjer badeverter som vil bli ein del av vårt team! Vi har ledig ein 50-80% fast stilling og stilling som ringevikar. Vi ønskjer at du oppgjer kva stilling du søkjer på i søknaden din.Som badevert har du ansvar for sikkerheit, hygiene, reinhald og service. Arbeidstidene dine vil inngå i turnus, der ein må pårekne noko jobb på dagtid, men hovudsakleg vil vaktene vere om kvelden og i helgen. Stillinga krever ingen formell kompetanse ettersom naudsynt utdanning og praksis blir gitt til rett person. Ansvars- og arbeidsoppgåverSkape tryggleik og god stemning for gjestar og kollegaerVakthald og vert for dei badandeYte god service til publikumHandtering av kasse og adgangssystemForefallande reinhaldsoppgåverVi tilbyrArbeid i eit prositvt og travelt miljøLivredningskurs og gjennomføring av prøve, og andre naudsynte kursSpennande utfordringar og varierte arbeidsoppgåverStillingsprosent etter avtaleLøn etter kvalifikasjonarGode pensjons- og forsikringsordningarSlik søkjer duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande! Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!Austevollbadet ønskjer å vere Austevoll kommune sitt folkehelsefyrtårn. Gjennom veka forgår det mange aktivitetar i Austevollbadet. Vi tilbyr alt frå symjekurs og ulike treningstilbod, som symjing som mosjon og trening, for alle aldergruppar, i tillegg til badebursdagar og publikumstidene for bading.
Sektor
Offentlig
Sted
Prestanesvegen 51, 5392 Storebø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Renhold,
Annet
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Mette Storebø
Stillingstittel
Dagleg leiar
Telefon
91 66 10 45
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Austevoll Kommune
Følg firma
74 følger dette firmaet
Prestanesvegen 51, 5392 Storebø
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto