BeskrivelseOm stillingaMe har 1 ledig stilling som badevakt, med inntil 20 timar i veka så lenge bassenget er ope. Stillinga er som badevakt for publikumsbading i Alver kommune, og stillinga er for tida i Radøyhallen. Hallen er ope for publikumsbading tysdagar, torsdagar, fredagar på ettermiddag/kveld og laurdagar på formiddag/ettermiddag. Ei vakt varar i om lag 5 timar, og ein må vere budd på faste arbeidsdagar utifrå månadleg oppsett vaktliste.Stillinga er organisert til tenesteområde kultur – kulturutvikling, idrett og frivilligheit. ArbeidsoppgåverOppsyn med badandeSyte for sikkerheita til dei besøkande i bassengetKundeservice, sal av billettar, dagsoppgjer og forefallande arbeidHandsame innkomne bestillingar i digitalt tingingssystemKompetansekravDu må vere symjedyktig, og du må bestå årleg livredningskurs. Dette er ein føresetnad for å kunne tiltre i stillingaGode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftlegGod digital kompetanse, meistre bruk av vanlege program som Office, Excel, samt digitale plattformar som vert brukt som verktøy av arbeidsgjevar Erfaring frå liknande type arbeid kan vere ein fordelPersonlege eigenskapar(Våre forventingar til deg):Like å jobbe med mennesker, der badegjestar er hovudprioritetDu er sjølvstendig, men trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaerDu er ansvarsbevisst og serviceinnstiltDu er positiv, har godt humør og er ein aktiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljøMå vere fylt 18 årMe tilbyr Ei variert og ansvarsfull stilling i eit godt og støttande kollegialt fellesskapLønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverkOensjonsordning gjennom KLPVi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Idrettsvegen 13, 5936 MangerStort kartHybridkartFlyfoto