Badevakt
None
Treungen
BeskrivelseVi lyser ut 31,46% stilling som badevakt i badebassenget i Fleirbrukshuset, der 15,73% er fast og 15,73% er vikariat.Id 2023/1211Bassenget er i Fleirbrukshuset i Treungen, og er 12,5 meter langt, og har ope for offentleg bading kvar torsdag og 20 laurdagar i tidsrommet frå veke 42 til og med veke 15. Bassenget er kun ope i vinterhalvåret.På torsdagar er bassenget ope frå kl. 16.30 -- 20.30, og på laurdagar er det ope frå kl. 10.00 -- 16.00.Det er i tillegg tid til førebuing. På laurdag er det eit funksjonstillegg på kr. 500 for å jobbe helg.Det må vere to på jobb til ein kvar tid, ein i bassenget og ein i kiosken/billettsal.Stillingane krev godkjend livbergingskurs for inneverande sesong. Nissedal kommune tilbyr dette kurset.Søkjar må vere god til å symje. Det er mogleg å søkje på delar av stillinga, til dømes annankvar veke.Vikariatet på 15,73% gjeld for inneverande sesong.Arbeidsoppgåver:Syte for at det er tryggleik i bassenget for dei badandeEnkelt reinhaldLage mat og ha ansvaret for kioskenLegge til rette for eit godt og inkluderande miljøKvalifikasjonar:Må ha gode symjeferdigheitarGod til å kommunisereOpplæring vil bli gjettPersonlege eigenskapar:Du er stabil, roleg og trygg vaksenpersonDu er god til å byggje relasjonarDu har stort pågangsmot og innsatsviljeDu er lærevillig og har engasjement, og emne til å prøve nye tingDu er god til å kommunisere og samarbeide med andreAnna:Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.Det ligg eit funksjonstillegg på løna på fredag og laurdag på kr. 500 pr dagVed interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledigeVed tilsetjing blir det stilt krav om politiattestMe gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Treungvegen 398, 3855 TreungenStort kartHybridkartFlyfoto