Spesialrådgjevar
None
Oslo
BeskrivelseOm stillingaI Olje- og energidepartementet er det ledig eit engasjement som spesialrådgjevar/ assisterande departementsråd.Stillinga er eit engasjement frå 1. desember 2023 til 1. desember 2024. Engasjementet er oppretta på grunn av særleg stor arbeidsbelastning i departementet. Spesialrådgjevaren vil ha funksjon som assisterande departementsråd.Assisterande departementsråd skal utfylle og avlaste departementsråden i den daglege leiinga av departementet og i leiinga av større prosjekt og saker som krev ekstra merksemd frå leiinga i departementet. Assisterande departementsråd skal vidare støtte departementsråden i strategisk utvikling av departementet og skal kunne vere avløysar for departementsråden ved behov.Vi søker ein leiar følgande eigenskaper:Betydeleg røynsle med arbeid i departementa og svært god forståing for politiske prosessar.Trygg i rolla som leiar og evne til å motivere og engasjere medarbeidararHøgare utdanning på masternivå. Økonomisk og juridisk utdanning er særleg relevant for stillinga.Kjennskap til energisektoren. Kompetanse frå andre relevante område er også ein fordelBrei samfunnsforståingHøg arbeidskapasitet, gode evner til kommunikasjon og evne til å bygge gode relasjonar.Gode språkkunnskapar i begge norske målformer og engelsk er nødvendig for stillinga.Stillinga vert lønna etter Hovudtariffavtalen som spesialrådgjevar. Løn kr. 1 100 000-1 300 000.Annan informasjonDen som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast og autoriserast etter sikkerhetsloven.Etter søknadsfristen er gått ut vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste. Opplysningar om søkarar kan bli offentleggjort sjølv om søkarar har bedt om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista.Olje- og energidepartementet ønsker at arbeidsstyrken speglar mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn eller funksjonsevne. Les meir på arbeidsgiverportalen.Kontakt ossTa kontakt med departementsråd Andreas H. Eriksen på tlf. 22 24 61 04 for meir informasjon om stillinga. Spørsmål om rekrutteringa kan rettast til seniorrådgjevar Ingrid Nyhus Tyssen på tlf. 22 24 63 10
Postboks 8148, Dep, 0033 OsloStort kartHybridkartFlyfoto