Leiar for tilsynssamarbeidet for byggesak og spreidde avløp
Gloppen kommune
Sandane
Leiar for tilsynssamarbeidet for byggesak og spreidde avløp
Arbeidsgiver
Gloppen kommune
Stillingstittel
Leiar for tilsynssamarbeidet for byggesak og spreidde avløp
Frist
16.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Vil du være med å bygge opp eit tilsynssamarbeid for byggesak og spreidde avløp i Nordfjord? Gloppen kommune har tatt på seg det viktige arbeidet med å følgje opp byggesak og spreidde avløp i regionen. Frå januar 2024 skal vi tilsette eit sterkt fagmiljø på Sandane som skal jobbe for å betre kvaliteten på vatn og miljø og bidra til tryggleik og god byggteknisk utføring av byggeprosjekt.Vi skal tilsette i fleire stillingar og søkjer etter leiar, jurist, vatn- og avløpskompetanse, byggrådgjevar og miljørådgjevar. Tilsynet skal jobbe systematisk og målretta for å ivareta viktige samfunnsinteresser. Tilsynet vert oppretta som sjølvstendig teneste med kontorplass på Sandane, men skal ha tett samarbeid med fagmiljøa i alle kommunane.Som leiar for tilsynssamarbeidet får du moglegheit til å bygge opp ein heilt ny eining og fagmiljø. Teamet vil spele ei vesentleg rolle for å sikre natur og vassmiljø, og følgje opp kommunale planar og tekniske forskrifter.Tilsetting frå 1.januar 2024, men vi ønskjer også at du søkjarar om du kan tiltre seinare.
Arbeidsoppgåver
Leie og motivere eit team av tilsynspersonell og fagpersonarUtvikle og implementere relevante retningsliner, reguleringar og prosedyrarPlanleggje og koordinere tilsynsaktivitetarDelta på tilsyn i deltakarkommunaneSamarbeide med lokale myndigheiter, byggeprosjektleiarar, landbruksføretak og eigarar av avløpssystem for å fremje beste praksis og medvit om miljøDelta i prosjekt og opplæringsaktivitetar innanfor fagområdetRapportere til politisk og administrativ leiing i deltakarkommunane om status og framgang i tilsynsarbeidet
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning innan miljøfag, byggjeteknikk, juss, vassressursforvaltning eller tilsvarande.Gode ferdigheiter innan personalleiing og teamarbeidLeiarerfaring er ønskjeleg, men vi oppfordrar og andre med leiarambisjonar om å søkjeGode kommunikasjonsevner og evne til å samarbeide med ulike aktørarEvne til å arbeide sjølvstendig og systematiskErfaring med tilsyn og reguleringar knytt til byggesaker og avløpssystem er ein fordelFørarkort personbil
Personlege eigenskapar
Engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og berekraftig samfunnsutviklingEvne til å leie, motivere og inspirere eit teamGod skriftleg og munnleg kommunikasjonsevneEvne til å handtere komplekse saker og utfordringar på ein profesjonell måteTar initiativ og liker å lære
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø. Du vil ha moglegheita til å bidra til samfunnsutviklinga i regioenen og sikre godt miljø og kvaliteten på byggeprosjekt i kommunane. Du vil få ein variert arbeidskvardag med kontorarbeid og fysiske tilsyn, med leiaroppgåver og faglege utfordringar. Du vil få sjansen til å bli kjent med folk og bransjen i heile regionen og har gode moglegheiter for fagleg utvikling. Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid.
Om arbeidsgiveren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Bransje
Bygg og anlegg,
VVS,
Juridiske tjenester,
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Vassdrag,
Jurist
Nøkkelord
tilsyn, miljø, avløp, bygg, tryggleik
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Torbjørn Brandsæter
Stillingstittel
Kommunalsjef samfunn og berekraft
Telefon
45 22 61 86
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Gloppen Kommune
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!
Grandavegen 9, 6823 Sandane