Teknisk rådgjevar for tilsyn med spreidde avløp
Arbeidsgiver Gloppen kommune Stillingstittel Teknisk rådgjevar for tilsyn med spreidde avløp Frist 16.10.2023 Ansettelsesform Fast
Vil du være med å bygge opp eit tilsynssamarbeid for byggesak og spreidde avløp i Nordfjord? Gloppen kommune har tatt på seg det viktige arbeidet med å følgje opp byggesak og spreidde avløp i regionen. Frå januar 2024 skal vi tilsette eit sterkt fagmiljø på Sandane som skal jobbe for å betre kvaliteten på vatn og miljø og bidra til tryggleik og god byggteknisk utføring av byggeprosjekt.Vi skal tilsette i fleire stillingar og søkjer etter leiar, jurist, vatn- og avløpskompetanse, byggingeniør og miljørådgjevar. Tilsynet skal jobbe systematisk og målretta for å ivareta viktige samfunnsinteresser. Tilsynet vert oppretta som sjølvstendig teneste med kontorplass på Sandane, men skal ha tett samarbeid med fagmiljøa i alle kommunane.Som teknisk rådgjevar vil du ha ansvar for tilsyn med spreidde avløp og saman med dei andre faga ha ei viktig rolle i å sikre gode vassmiljø i regionen.Tilsetting frå 1.januar 2024, men vi ønskjer også at du søkjarar om du kan tiltre seinare.
Arbeidsoppgåver Gjennomføre tilsyn med spreidde avløpssystem for å sikre at dei tekniske anlegga overheld miljøstandardar og reguleringar.Vurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar.Samarbeide med lokale myndigheiter og eigarar av avløpsanlegg for å fremme beste praksis og miljøomsynRapportere avvik og bistå i å finne pragmatiske løysingar innanfor kravaVurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar.Delta i prosjektarbeid og opplæringsaktivitetar innanfor fagområdet.
Kvalifikasjonar Relevant utdanning som VA-ingeniør eller fagbrev som røyrleggerErfaring med planlegging, design og vedlikehald av VA-anleggKjennskap til VA-reguleringar og tekniske standardarGod samarbeidsevne og evne til å løyse tekniske utfordringarFørarkort personbil
Personlege eigenskapar Engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og berekraftig samfunnsutviklingGod skriftleg og munnleg kommunikasjonsevneEvne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og som ein del av eit teamEvne til å handtere komplekse saker og utfordringar på ein profesjonell måteTar initiativ og liker å lære
Vi tilbyr Vi tilbyr ein spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø. Du vil få moglegheit til å bidra til samfunnsutviklinga i regionen, hindre unødvendige utslepp og sikre godt vassmiljø i kommunane. Du vil få ein variert arbeidskvardag med kontorarbeid og fysiske tilsyn. Du vil få sjansen til å bli kjent med folk og bransjen i heile regionen og har gode moglegheiter for fagleg utvikling. Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid.
Om arbeidsgiveren Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor Offentlig Sted Grandavegen 9, 6823 Sandane Bransje VVS, Miljøtjenester Stillingsfunksjon Ingeniør / Vann- og miljøteknikk, Håndverker / Rørlegger
Nøkkelord tilsyn, miljø, avløp
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Torbjørn Brandsæter Stillingstittel Kommunalsjef samfunn og berekraft Telefon 45 22 61 86
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Gloppen Kommune
Følg firma Bli den første til å følge firmaet!
Grandavegen 9, 6823 Sandane

Similar jobs:

Score Tittel
0.98 Miljørådgjevar for tilsyn med spreidde avløp
0.98 Juridisk rådgjevar for tilsyn med spreidde avløp og byggesak
0.96 Leiar for tilsynssamarbeidet for byggesak og spreidde avløp
0.95 Byggteknisk rådgjevar for tilsyn med byggesak
0.91 Konsulent
0.91 Rådgiver
0.91 Rådgiver for overvann og klimatilpasning
0.90 Tilsynsingeniør
0.90 Fagarbeider vann- og avløp
0.90 Fagarbeider VA-installasjoner
0.90 Teknisk inspektør
0.90 Fagarbeider/driftsoperatør
0.90 Vedlikeholdstekniker
0.90 Fagarbeider vann- og avløp
0.90 Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
0.90 Systemforvalter fagsystem
0.90 Anleggs-/ grøfterørlegger
0.90 Virksomhetsleder teknisk drift
0.90 Ingeniør kommunal overtaking VA-anlegg
0.90 VA-ingeniør
0.89 Anleggsmaskinfører
0.89 miljøarbeidere- Tilkallingsvikar
0.89 Prosjektleder
0.89 Fagarbeider/Spesialarbeider til rørinspeksjon
0.89 Prosjektleder
0.89 Miljøveileder
0.89 Arbeidsleder
0.89 Funksjonsleder
0.89 Rådgiver byggesak og tilsyn
0.89 Rådgiver anskaffelser - Jurist
0.89 Fagleder Vanndistribusjon
0.89 Driftsleder ved Stavanger friluftssenter
0.89 Rådgiver innen klima- og miljø i offentlige anskaffelser
0.89 Rådgivar/seniorrådgivar - miljøoppfølging næringsliv
0.89 Avdelingsingeniør vannforsyning
0.89 Rådgjevar miljø/landbruk 100% fast
0.89 Rådgiver / seniorrådgiver - rovvilt og beitebruk
0.89 Rådgiver Bærekraft
0.89 to prosjektstillingar
0.89 Systemutvikler fagsystem
0.89 Rådgiver
0.89 Avdelingsleder
0.89 Natur- og miljøvernrådgiver
0.89 Miljørådgiver - Forvaltning
0.89 Rådgiver læringsmiljø
0.89 Virksomhetsleder Tekniske tjenester
0.89 Ingeniør, kommunaltekniske tjenester
0.89 Driftsoperatør vann og avløp
0.89 Rådgiver/seniorrådgiver til utredning og strategisk analyse i Grensedivisjonen
0.89 Ingeniører innen vann- og avløpsanlegg
0.89 Klimarådgivere
0.89 Rådgiver/spesialkonsulent
0.89 2 hele stillinger som miljøveileder/miljøarbeider
0.89 Einingsleiar teknisk forvaltning og byggesakshandsamar
0.89 Klimarådgivere
0.89 Saksbehandler/Kontrollør
0.89 Utvikling av lokalsamfunn - rådgjevar/seniorrådgjevar
0.89 Planlegger i teknisk avdeling
0.89 Senioringeniør