Miljøarbeidar

None
Bremnes
BeskrivelseAvlastningstilbod til barn og unge i Bømlo kommune er i dag organisert i ein bustad i Bratthaugen og hos private avlastarar i Bømlo. Me utvidar no tilbodet til og å inkludere hybel og butrening for å få eit meir tilpassa og variert tilbod. Me søkjer difor etter miljøarbeidarar i deltidsstillingar. Sidan tilbodet er under utvikling og me pårekna turnusarbeid er me på jakt etter deg som kan arbeide i hovudsak helg og feriar. Arbeidet kan vere både dag, kveld og natt sett i turnus. Me oppmodar studentar til å søkje. Avlastningsbustaden ligg driftsmessig under Barne- og familietenesta i kommunen. Bustaden er tilrettelagt for barn og ungdom med funksjonsnedsetting. Det viktigaste for oss som til dagleg arbeidar i bustaden, er å skapa tryggleik og trivsel for borna og ungdomane. Me ser etter deg som trivst i lag med barn og unge, og som kan fremja tryggleik, samt vera ein god omsorgsperson.ArbeidsoppgåverMiljøretta arbeid for og med barn og unge med særskilte behov i avlastningstilbodOppfølging av barn og samarbeid med andre for å sikre gode tilbod der barnet og ungdomen er i fokusSikre trening i ADL dugleik og butrening alt etter barnet sin alder og modingSaman med barn og andre tilsette lage gode dagar med aktivitet og rutinarNoko reinhald og matlaging kan vere aktueltAndre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.  KvalifikasjonarRelevant fagbrev er ynskjeleg, eller at du er under utdanningErfaring med å jobbe med menneske er er ein fordel, men ikkje eit absolutt kravPersonlege eigenskaparDu trivst ilag med barn og ungeDu skapar gode relasjonar til andreDu er påliteleg og ansvarsfullDu er positiv, engasjert og interessert i barne- og ungdomsfagetDu er sjølvstendig og samarbeidar godt med andreDu er fleksibel og løysingsorientertVed vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Me tilbyrVarierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommuneFaglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGode offentlege pensjons- og forsikringsordningarLøn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverkStilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubbenAndre opplysingar:Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Linda Hellen. KontaktinformasjonLinda Hellen, Verksemdsleiar v/Barne og familietenesta, 909 61 702, Linda.Hellen@bomlo.kommune.noArbeidsstadLeirdalen 15430 BremnesNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4717437587Stillingsprosent: 35%EngasjementStartdato: 01.12.2023Sluttdato: 31.12.2024Søknadsfrist: 24.10.2023
Leirdalen 1, 5430 BremnesStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.98 Miljøterapeut/miljøarbeidar
0.95 Miljøarbeidere
0.93 Miljøarbeider
0.93 Miljøarbeider/Barne og ungdomsarbeider/Assistent
0.93 Miljøarbeider 74% fast stilling
0.93 Miljøarbeider
0.93 Assistent/miljøarbeider
0.93 Miljøterapeut 100% stilling, vikariat
0.93 Miljøarbeider helg
0.93 Miljøarbeider på dagsenter
0.93 100% Miljøterapeut - Videreutvikling av avlastningstilbud for barn og unge
0.93 Helgestillinger i Miljøarbeidertjenesten
0.93 Miljøarbeider
0.93 Miljøterapeut ett-årig / Helsefagarbeider
0.93 Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% fast st. som miljørettleiar
0.93 Miljøarbeider
0.93 Miljøveiledere
0.93 Fagarbeider i Miljøtjenesten
0.92 Miljøarbeider i langvakthelg hver 6. uke (11,27%)
0.92 Miljøveiledere oppvekst
0.92 Miljøveileder
0.92 Vernepleier
0.92 Ønsker du en meningsfull jobb som avlaster for barn og unge opp til 18 år?
0.92 Barne- og ungdomsarbeider
0.92 Miljøterapeut
0.92 Miljøveileder
0.92 Miljøarbeider
0.92 Miljømedarbeider
0.92 Miljøarbeider
0.92 Vi søker miljøterapeut 1-årig miljøterapeut
0.92 Miljøterapeut
0.92 Miljøterapeut
0.92 Barne- og ungdomsarbeider
0.92 Miljøterapeut barn
0.92 Miljøarbeider
0.92 Helsefagarbeidar/miljøterapeut
0.92 Miljøarbeider, 100 % fast stilling
0.92 Miljøteterapeut, helsefagarbeidar, assistent
0.92 Miljøarbeider i flyktningetjenesten
0.92 Miljøarbeider - Flyktningtjenesten
0.92 Barne- og ungdomsarbeider, barnehage
0.92 Barn og ungdomsarbeider
0.92 Vi søker miljøterapeut som vil jobbe med barn og ungdom
0.92 Miljøarbeider/helgestilling
0.92 Miljøarbeider/vikariat 60%
0.92 Områdeleder
0.92 Miljøterapeut
0.92 Miljøterapeuter/miljøarbeidere nattstilling
0.92 Miljøterapeut 100 % fast i turnus
0.92 Miljøveileder
0.92 Ledige stillinger som miljøarbeider!
0.92 Miljøarbeider natt - 51,64 % fast stilling ved Boligtjenesten funksjonshemmede (3. gangs utlysning)
0.92 Barne- og ungdsomsarbeider/annen relevant utdanning