Helsefagarbeidar/miljøterapeut
None
Ålesund
BeskrivelseMed utgangspunkt i eit ønskje om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd Førebygging og meistring. I tillegg til dagtilbod for personar med demenssjukdom, inneheld verksemda geriatriske sjukepleiarar og demensteam, støttekontakt teneste, seniorsenter, ergo- og fysioterapiteneste, og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt. Ein av våre tilsette blir pensjonist frå nyttår, og vi har då ledig 80 % fast stilling der du har ei kveldsvakt og tre dagvakter per veke med utgangspunkt i Hatlahaugen dagsenter for heimebuande personar med demens.Ved eventuelt intern tilsetting, kan det bli ledig stilling anna stad i verksemda. ArbeidsoppgåverMålretta miljøarbeid på dagsenter som skal bidra til meistring, gode opplevingar og auka livskvalitet for brukarane.Planlegge og gjennomføre meiningsfulle og gode aktivitetar på dagsenteret, som fysisk aktivitet, sosialt samvær og kulturelle opplevingar. Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartar internt og eksternt. KvalifikasjonarHelsefagleg utdanning: helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller treårig høgskuleutdanning.Det er ønskeleg med erfaring innan demensomsorg, gjerne vidareutdanning/ kurs i demensomsorg eller geriatri.Grunnleggande datakunnskap. Det er krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). Krav om førarkort klasse B.Personlege eigenskaparVi søker etter ein medarbeidar som er kreativ, utadvent og positiv.Du må vere fleksibel og løysingsorientert, ha evne til nytenking og like utfordringar.Du må kunne arbeide sjølvstendig, samt har gode samarbeidsevne.Du har interesse for ulike aktivitetar.Å vere personleg eigna blir vektlagt. Vi tilbyrEi kommune med verdiane open, engasjert og modig i fokus.Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.Kjekke kolleger og samarbeidspartar.Løn etter tariff.KontaktinformasjonAmrei Jakobs , Avdelingsleiar , 901 75 377Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553ArbeidsstadBorgundgavlen 526015 ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4718488927Stillingsprosent: 80%FastStartdato: 01.01.2024Søknadsfrist: 01.11.2023
Borgundgavlen 52, 6015 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto