BeskrivelseAvlastningstilbod til barn og unge i Bømlo kommune er i dag organisert i ein bustad i Bratthaugen og hos private avlastarar i Bømlo. Me utvidar no tilbodet til og å inkludere hybel og butrening for å få eit meir tilpassa og variert tilbod. Me søkjer difor etter ein leiande miljøterapeut/miljøarbeidar i fulltidsstilling for å sikre kvalitet og utvikling av tilbodet. Arbeidet kan vere dag, kveld og natt sett i turnus. Avlastningsbustaden ligg driftsmessig under Barne- og familietenesta i kommunen. Bustaden er tilrettelagt for barn og ungdom med funksjonsnedsetting. Det viktigaste for oss som til dagleg arbeidar i bustaden, er å skapa tryggleik og trivsel for borna og ungdommane. Me ser etter deg som trivst i lag med barn og unge, og som kan fremja tryggleik, samt vera ein god omsorgspersonArbeidsoppgåverMiljøretta arbeid for og med barn og unge med særskilte behov i avlastningstilbodOppfølging av barn og samarbeid med andre for å sikre gode tilbod der barnet og ungdomen er i fokusSikre trening i ADL dugleik og butrening alt etter barnet sin alder og modingSaman med barn og andre tilsette lage gode dagar med aktivitet og rutinarNoko reinhald og matlaging kan vere aktueltAndre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.  KvalifikasjonarRelevant utdanning frå høgskule/universitet er ynskjeleg, men anna relevant utdanning kan og bli vurdert. Relevant erfaring er ynskjelegPersonlege eigenskaparDu trivst ilag med barn og ungeDu skapar gode relasjonar til andreDu er påliteleg og ansvarsfullDu er positiv, engasjert og interessert i barne og ungdomsfagetDu er sjølvstendig og samarbeidar godt med andreDu er fleksibel og løysingsorientertVed vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Me tilbyrVarierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommuneFaglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGode offentlege pensjons- og forsikringsordningarLøn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverkStilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben Andre opplysingar: Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4 Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Linda Hellen. KontaktinformasjonLinda Hellen, Verksemdsleiar v/ Barne og familietenesta, +47 909 61 702, Linda.Hellen@bomlo.kommune.noArbeidsstadLeirdalen 15430 BremnesNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4716918457Stillingsprosent: 100%EngasjementStartdato: 01.12.2023Sluttdato: 31.12.2024Søknadsfrist: 24.10.2023
Leirdalen 1, 5430 BremnesStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.98 Miljøarbeidar
0.95 Miljøterapeut
0.95 Miljøterapeut
0.95 Miljøterapeut 100% stilling, vikariat
0.95 Miljøterapeut
0.95 Miljøterapeut ett-årig / Helsefagarbeider
0.95 100% Miljøterapeut - Videreutvikling av avlastningstilbud for barn og unge
0.95 Miljøterapeuter
0.95 Miljøterapeut barn
0.95 Miljøterapeut
0.95 Miljøterapeut
0.94 Vi søker miljøterapeut 1-årig miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut 100 % fast i turnus
0.94 Miljøarbeider
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut i ungdomsteamet
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøarbeider
0.94 Fysioterapeut/Miljøveileder
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut med videreutdanning
0.94 Miljøterapeut og søker nye utfordringer?
0.94 Vi søker miljøterapeut som vil jobbe med barn og ungdom
0.94 Miljøterapeut
0.94 Miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut 100%, fast stilling
0.93 Miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut I (vikariat)
0.93 Helsefagarbeidar/miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut
0.93 Sykepleier/vernepleier
0.93 Miljøarbeidere
0.93 Vernepleier/miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut - helg
0.93 Miljøterapeut med treårig høyskoleutdanning
0.93 Miljøterapeuter
0.93 Miljøterapeuter/miljøarbeidere nattstilling
0.93 Miljøterapeut
0.93 Miljøarbeider / miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut ett-årig / helsefagarbeider
0.93 Miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut 68,55 % (nattevakt) fast
0.93 Miljøterapeut, 1 årig
0.93 Fagkonsulent opplæring
0.93 Tilkallingsvikarer miljøterapeut/miljøarbeider
0.93 Miljøterapeut