Miljøterapeut
None
Kristiansund N
BeskrivelseEr du interessert i fagutvikling, innovasjon og stort fokus på aktiv miljøterapi, har vi ei spennande stilling ledig for deg. To av våre dyktige spesialsjukepleiarar går av med pensjon, og vi treng to dyktige miljøterapeutar, med autorisasjon for medikamentell behandling. Det vil seie at vi ønskjer deg som er sjukepleiar eller vernepleiar, helst med vidareutdanning innan psykisk helse og rus.Vi har to ledige stillingar i 100 % med 2 delt turnus, og 3 kvar helg. Vi har ein tverrfagleg personalgruppe, med ergoterapeut, aktivitør, sosionom, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sjukepleiarar, psykolog og to overlegar i psykiatri.Døgnavdelinga har 18 sengeplassar, to av dei er brukerstyrte senger. Vi tilbyr både døgnbehandling og poliklinisk behandling (på dagtid). Det polikliniske arbeidet består av rTMS behandling, kor dei med behandlingsresistent depresjon får eit tilbod. Vi driv også med VR-behandling (virtual behandling) i forhold til angst og fobi-vanskar. Dette er noko vi ønskjer å utvikle vidare framover. Vi tilbyr utgreiing og behandling av psykiske vanskar, og blant annet brukar vi ECT som ein av fleire behandlingsmetodar.Pasientgruppa blir søkt inn frå fastlege eller spesialisthelsetenesta, vi får også pasienter overført frå akuttavdelinga. ArbeidsoppgåverUtgreiing og behandling av personer med psykiske vanskarDelta i tverrfagleg miljøDelta/leie ulike pasientgruppe i miljøterapi, treningsgruppe, undervisningAdministrere medisinarVeilede studentar og personaleUndervise pasientar og personalePsykoedukasjon til pasientar og pårørandeKvalifikasjonarSjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarandeSjukepleiar/vernepleiar med erfaring i psykiatri kan også søkjeErfaring med psykiatrisk arbeid vert vektlagtKommunisere godt norsk, både muntleg og skriftlegFørerkort kl. BPersonlege eigenskaparDu må kunne arbeide i tverrfagleg teamDu må kunne arbeide sjølvstendig, vere initiativrik, kreativ og positivDu må vere fleksibel Du må trivast med friluftsliv og anna aktivitetVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderende arbeidsplassLønn etter gjeldande overeinskomst Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårKontaktinformasjonTorill Dyrli, Teamkoordinator, +4740068296Eli Skaug, Seksjonsleiar, +47 92290610ArbeidsstadNorddalsveien 376516 KristiansundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4712885013Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.01.2024Søknadsfrist: 29.10.2023
Norddalsveien 37, 6516 Kristiansund NStort kartHybridkartFlyfoto