BeskrivelseOm stillinga Ynskjer du ein spanande og variert arbeidskvardag kor du får moglegheit til å skape magiske dagar for og med born og vaksne? Då er kanskje dette ei stillig for deg!Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som miljørettleiar frå snarast/etter avtale av. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til arbeid ved skule og SFO, men arbeid i barnehage kan verte aktuelt ved behov. Miljørettleiaren vil vere ein viktig ressurs i oppfølginga av einskildelevar og grupper, og aktivitetar kring elevane.ArbeidsoppgåverStyrking i ulike klassarOppfølging av enkeltelevar og elevgrupperKartlegging, observasjon og analyse av elevåtferd Ta initiativ til, samt legge til rette for, aktivitetarPlanlegge, gjennomføre, følgje opp og dokumentere tiltak for å sikre eit godt skulemiljøAndre oppgåver etter behovKvalifikasjonskrav3-årig høgskuleutdanning innan relevante fagretningar. Andre kan også søkje, og verte vurdert for mellombels tilsetjing Kompetanse/erfaring frå arbeid med barnErfaring med arbeid i skule er ynskjeleg Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskapar Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med elevane, kollegaer og andre samarbeidspartnararHar godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø og læringsmiljø for både elevar og kollegaerHar god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevnerÅ vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjingAnna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorskTilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalarFor tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattestVi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Eivindvikvegen 1119, 5966 EivindvikStort kartHybridkartFlyfoto