Miljørettleiar skule
None
Norheimsund
BeskrivelseVil du vera ein del av miljørettleiar- laget i skule?Norheimsund skule har ledig eit vikariat i 80 % frå 02.01.2024 til 31.08.2024 som miljørettleiar. Me søkjer trygge og gode miljørettleiarar som brenn for at elevane skal ha det bra på skulen! I denne stillinga på Norheimsund skule får du jobba med einskildeelevar, på klassetrinn og laga miljøtiltak på skulenivå. Me treng modige og trygge vaksne som likar elevane, viser at dei har tru på dei og finn løysingar om noko er vanskeleg.I Kvam veit me at: - all åtferd er språk - elevane gjer så godt dei kan - alle elevar høyrer heime på skulen - elevar er ikkje vanskelege, men dei kan ha det vanskelegMålsetjinga er at alle elevane våre skal oppleva at dei vert sett, forstått og får oppleva meistring i skulekvardagen. Eit trygt og godt skulemiljø er ein føresetnad for at læring skal skje.I tillegg til arbeidet på skulen, får miljørettleiarane treffa kvarandre for å dela erfaringar og kompetanse, og vera med på å laga system innan trygt og godt skulemiljø i Kvammaskulen. Som miljørettleiar jobbar du tett med leiinga på skulen, hjelpetenester og dei andre miljørettleiarane i Kvam. Miljørettleiarane kan også få rettleiingsoppgåver inn mot tilsette i skulen, og gi informasjon til/ samarbeida med føresette. ArbeidsoppgåverDirekte arbeid med einskildeelevar og elevgrupper med ulike utfordringar; i klasserom, ute, på andre opplæringsarenaer evt. heime hjå elevarSamarbeida tett med kontaktlærarane og andre tilsette på skulen og saman utvikla gode læringsarenaer for elevaneSamtala med einskildeelevar, organisera aktivitetar i friminutt, og iverksetja miljøførebyggjande tiltak og rutinar på individ, gruppe og skulenivåSamarbeida med og rettleia lærarar/støtteteam og leiing ved skulen Samarbeida med andre instansar ved behov; helsesjukepleiar, PPT, barnevern, BUP osvHa opplæring med og støtta elevrådet ved skulenSkapa gode relasjonar med elevar og føresetteKvalifikasjonarRelevant 3-årig høgskuleutdanning (min. bachelor); barnevernspedagog/vernepleiar/sosionomRelevant vidareutdanning eller arbeidserfaring knytt til barn med samansette utfordringar(relasjon- og reguleringssvanskar, tilknytningsforstyrring, autismespekteret o.l)Kartleggings- og observasjonskompetanseKunna analysera og gjennomføra tiltak for enkeltelevar og grupper med utfordringarGod skriftleg og munnleg framstillingsevne Du må ha førarkort og høve til å disponera eigen bilVed tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.Personlege eigenskaparEr positiv og blid, fleksibel og løysingssorientertHar eit positivt elevsyn Likar utfordringar,er sjølvstendig, kreativ, strukturert og modigGod på relasjonsbygging Klarer å stå i krevjande situasjonar over tidMøter menneske med respekt og omtanke, uavhengig av åtferdViser høg etisk standardVi tilbyrLøn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystemGode pensjons- og forsikringsordningarTilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakararGenerell informasjon:Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.KontaktinformasjonLinda Haugland Jondahl, Rektor Norheimsund skule, 905 95 991ArbeidsstadGamle Sandvenvegen 265600 NorheimsundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4714620437Stillingsprosent: 80%VikarStartdato: 02.01.2024Sluttdato: 31.08.2024Søknadsfrist: 19.10.2023
Gamle Sandvenvegen 26, 5600 NorheimsundStort kartHybridkartFlyfoto