BeskrivelsePå Kollen rehabiliteringsavdeling har vi ledig 100 % fast stilling som spesialsjukepleiar/ sjukepleiar i to-delt turnus og med arbeid kvar 3. helg. Ønsker du jobb på ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø, spennande arbeidsoppgåver, tett tverrfagleg samarbeid og fokus på meistring for brukarane? Då er du velkomen som søkjar på denne stillinga ved Kollen rehabilitering.Kollen er ei rehabiliteringsavdeling med 11 døgnplassar i Ålesund kommune. Avdelinga held til i 2. etg. på Spjelkavik omsorgssenter. Vi hjelper brukaren i eit tverrfagleg team beståande av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergoterapeut, fysioterapeutar og lege. Utgangspunktet for all rehabilitering er brukar sine mål, og vi jobbar tverrfagleg for å auke brukars livskvalitet og meistring i kvardagen. Kollen har eit nært samarbeid med Holstoppen korttidsavdeling.ArbeidsoppgåverAnsvar for heilheitleg oppfølginga av brukarane Medverke til eit godt rehabiliteringstilbod for brukarane ut frå deira mål, ønsker og behov Medverke til eit godt tverrfagleg samarbeid Oppfølging av dokumentasjon Tett samarbeid med pårørende, og interne og eksterne tenesteytarar Medverke til utvikling og engasjement i avdelinga Delta aktivt i veiledning og opplæring av personell, brukarar og pårørende KvalifikasjonarDu har godkjent autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning som spesialsjukepleiar i rehabilitering Erfaring og interesse for rehabilitering blir vektlagt Du må beherske godt norsk skriftleg og munnleg. Krav om dokumentert norskkompetanse Nivå B2 på Europarådets nivåskala for språk for alle framandspråklege søkararDu har god datakompetanse Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar blir vektlagt Du er trygg, tydelig og engasjert i sjukepleiarfaget, og set brukaren i fokus Du er løysningsorientert, fleksibel og likar nye utfordringar Du er komfortabel med å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner Du medverkar til utvikling av eit godt rehabiliteringstilbod Du er ein god kollega som medverkar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyrEin interessant arbeidskvardag med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø Løn og arbeidsvilkår etter tariff Tilsetting i ei IA-bedrift KontaktinformasjonLinda Rønnestad Selbervik, Avdelingsleiar, 408 09 821ArbeidsstadOlav Sundes veg 26018 ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4710912440Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 22.10.2023
Olav Sundes veg 2, 6018 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto