Matvert Spisestua. 15% fast stilling
Helse Bergen
Bergen
Matvert Spisestua. 15% fast stilling
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Matvert Spisestua. 15% fast stilling
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar. Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet. Den fremste oppgåva for våre matvertar er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 16 spisestuer, 5 spisestuer i sentralblokka, 1 i Parkbygget, 2 i Marie Joys hus, 1 på Nordås, 2 i Sandviken og 1 på Klokkarvik.Hausten 2023 opnar Glasblokkene trinn 2. Der samlar vi behandling av barn og unge på Haukelandsområdet, i tillegg flyttar Kvinneklinikken inn i november.Matforsyninga vil ha ansvaret for matservering til pasieten og opner fleire nye matstover. Til dette treng vi flinke og framoverlente Matvertar og har ledig følgande stillingar:* 15% faste stillingar, turnus dag/kveld og fast arbeid pt kvar 3 helgOppstart frå snarast eller etter nærare avtale. Vi søker etter sjølvstendig og ansvarsbevisste personar. Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre.Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Bidra med matomsorg til pasientarBestilling, tillaging og servering av måltidReinhald, oppvask og rydding
Kvalifikasjonar
Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnlegErfaring frå kjøkken/kantine Kjennskap til IK-matGode IT-kunnskaparMatfagleg interesse
Personlege eigenskapar
Fagleg interesse og engasjementServiceinnstilt og imøtekommandeTrivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andreStrukturert og nøyaktigVere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljøHa respekt for kvar enkelt pasientEvne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
Vi tilbyr
Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarHøgt fagleg nivåMangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
12
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Restaurant, mat og uteliv,
Storhusholdning og catering,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Mat og servering,
Mat og servering / Catering
Nøkkelord
Matvert,, Spisestue,, sykehus,, kantine,, helgestilling
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Åge Nilsen
Stillingstittel
Driftkoordinator
Telefon
55 97 45 36
Kontaktperson
Arve Haga
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 74 74
Søk her
Følg firma
2079 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen