Kommuneoverlege - 100 % Vikariat
None
Isdalstø
BeskrivelseOm stillingaKommuneoverlegen i Alver kommune skal ha overlegepermisjon og vi har ledig vikariat i hennar fråvær. Som kommuneoverlege i Alver er du den øverste medisiskfaglege rådgjevar i kommunen og du vil ha ei viktig rolle i det systematiske og strategiske arbeidet.Stillinga er plassert i kommunedirektørens stab. Stillinga er i lyst ut som eit 100% vikariat fra 01.02.2024 - 01.12.2024. Dersom du kunne tenkje deg fast stilling som lege i Alver kommune ønskjer vi å diskutere moglege løysingar med deg! ArbeidsoppgåverEksempel på arbeidsoppgåver:Gi råd og delta i kommunal planlegging, styring og evaluering av tenester, og ressursforvaltningDelta i systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeidBidra til godt samarbeid og gode rutinar i samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenestaUtføre lovpålagde oppgåver innan tvungent psykisk helsevern, smittevern, og miljøretta helsevernDelta i beredskapsarbeid og ulike prosjektKvalifikasjonskravNorsk autorisasjon som lege, og gjennomført LIS 1 - tjenesteSpesialist i samfunnsmedisin eller annan relevant spesialitetSøkjare som ikkje er ferdig spesialist kan og være aktuelle for stillingaKunnskap om offentleg forvaltning og sakshandsamingInteresse for, og erfaring med arbeid på systemnivåGod framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.Personlege eigenskaparVi ser etter ein kommuneoverlege med gode samhandlings- og kommunikasjonsevner. Det er viktig at du kan tenke heilskap, og sjå det overordna bilete. Du er ein bidragsytar til godt miljø, både fagleg og sosialt, og samarbeider godt på tvers av ulike fagområder. Du har god gjennomføringsevne, og trivst med å organisere eigen arbeidsdag. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.Vi tilbyrSom kommuneoverlege i Alver kommune vil du ha spennande arbeidsoppgåver i ein kommune i stadig utvikling. Du får stor grad av variasjon og sjølvstende i arbeidet. Vi tilbyr personleg plassert lønn og god pensjonsordning. Kontoret du vil ha er lokalisert på rådhuset i Knarvik. Du har arbeidstidsordning med fleksitid, og høve til heimekontor når det er formålsteneleg. Alver kommune er registrert som utdanningsvirksomhet i samfunnsmedisin, og det vil bli lagt tilrette for videre- og etterutdanning i samfunnsmedisin.
Kvernhusmyrane 41, 5914 IsdalstøStort kartHybridkartFlyfoto