Kommunefysioterapeut
None
Dalen
BeskrivelseTokke kommune søkjer ein fysioterapeut i 100% vikariat frå 02.01.24 tom. 01.11.24.Ledig 100 % vikariat som kommunefysioterapeutArbeidet er knytt opp til kommunale fysioterapioppgåver, kvardagsmeistring og Frisklivssentralen. Kommunen har to kommunale fysioterapistillingar, ein ergoterapeut, samt to fysioterapeutar med driftstilskot som driv eige institutt.Vi set verdiar som nærleik og tid til pasientane våre høgt, og legg til rette for dette. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og vi har høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestane.Fysioterapitenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, helsestasjon- og skulehelsetenesta inkl. jordmor, psykisk helse og rus, og ergoterapitenesta. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.Arbeidsoppgåver:Sikre eit godt fysioterapitilbod til Tokke kommune sine innbyggjararUtføre kartlegging, behandling og opptrening av personar i alle aldrar både i heimen, på institusjon, i barnehage og skule, samt på helsestasjon.Drive og vidareutvikle det førebyggjande helsearbeidet i kommunen i form av individuelle samtaler, gruppetilbod og kurs gjennom Frisklivssentralen i Tokke.I stillinga ligg det eit bredt fagleg samarbeid med andre tenester, internt og eksternt.Kvalifikasjonar:Norsk autorisasjon som fysioterapeutErfaring med kommunal fysioterapiDet er en fordel med interesse for tverrfagleg arbeid med pasientar i alle aldrarErfaring med leiing av ulike treningsgrupperYnskjeleg med erfaring innan arbeid i FrisklivssentralDu må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein hektisk kvardagVi søkjer deg som:Arbeider målretta med pasientarHar god evne til å kommunisere og oppnå gode relasjonar til andre menneskeEr fleksibel og løysningsorientertHar gode samarbeidsevnerHar evne til å jobbe sjølvstendig og strukturertKan norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftligHar førarkort klasse BVi tilbyr:Engasjerte kollegaer med fokus på fagleg utvikling og samarbeidUtfordrande og spanande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljøEin lærande og framtidsretta organisasjonGode forsikrings- og pensjonsordningarLøn etter avtale i henhold til kommunal tariffavtaleAt du er fagleg og personleg eigna for stillinga vert tillagt stor vekt.Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.Nærare opplysningar om vikariatet kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin AamlidTlf: 35 07 55 30/ 41 10 09 75, e-post: evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no
Storvegen 60, 3880 DalenStort kartHybridkartFlyfoto