Beskrivelse Øystre Slidre kommune har søkt og fått innvilga midlar til etablering og utvikling av det kommunale frisklivs-, lærings-, og mestringstilbodet. Vi ønskjer å gjeninnføre tidligare drift, og å vidareutvikle frisklivsentralen i Øystre Slidre kommune. Vi kan tilby 60% fast stiling og 20% prosjektstilling i inntil 3 år, med moglegheit for fast tilsetting. Vi søkjer deg som er utdanna fysioterapeut og har interesse for frisklivsarbeid!Frisklivssentralen er ei helsefremmande og forebyggande kommunal helseteneste. Målet er å fremme helse og forebygge sjukdom ved å gje tidleg hjelp til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. Gjennom eit strukturert oppfølgingstilbod gjer vi hjelp til meistring av eigen helse gjennom individuell rettleiing, kurs og grupper knytta til tema som: fysisk aktivitet, kosthald, tobakk/annan avhengigheit, psykisk helse og søvn. Tilbodet bidreg til å utjamne sosiale ulikheiter i levevanar og helse. Ein treng ikkje å ha ei diagnose eller vere sjuk for å vere på et tilbod gjennom Frisklivssentralen.Stillinga er lokalisert til avdeling rehabilitering og meistring som er ei eigen avdeling på Øystre Slidre helsetun. Avdelinga består av frisklivssentralen, ergoterapitenesta, kvardagsrehabilitering og ambulerande vaktmeister, samt at vi har tett samarbeid med fysioterapeutar med driftsavtale. På avdelinga er det 1 ergoterapeut, 2 fysioterapeutar, 1 hjelpepleiar, idrettspedagog og 1 ambulerande vaktmeister. I tillegg er det 3 fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen. Du vil vere ein pådrivar til å leie og sikre kvaliteten i arbeidet. Det blir lagt opp til samarbeid med relevante instansar i kommunen. I tillegg ønskjer vi å tilby søkaren ei attraktiv stilling med stor grad av autonomi i arbeidet , moglegheit for andre fysioterapioppgåver og moglegheiter for personleg utvikling, sidan ansvar for utvikling av det kommunale tilbodet vil vere sentralt i stillinga. Hovedmål for prosjektstillinga vil vere å gjenninføre og vidareutvikle det kommunale frisklivstilbodet til kommunen sine innbyggarar med fokus på folkehelsearbeid og forebyggande arbeid i alle aldrar ArbeidsoppgåverGjeninnføre tidlegare drift og utvikle tilbodet i frisklivssentralen i Øystre Slidre.Utøve fysioterapi til pasientar i heimen,og poliklinisk både individuelt og gruppebasert.Tverrfagleg samarbeidHjelpemiddelformidling til kommunen sine innbyggjararJournalføre arbeidet i programma Profil og/eller PhysicaKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som fysioterapeutKrav om erfaring med å tilrettelegge trening for ulike pasientgrupperFordel med erfaring fra frisklivsarbeidErfaring med tobakksfrikurs, søvnkurs, BraMat er ein fordelFordel med erfaring med Motiverende intervjuFordel med kjennskap til kommunale helsetenesterGode munnlege og skriftlegekommunikasjonsevner (Bestått norskkurs 3c)Gyldig politiattest før oppstartPersonlege eigenskaparEngasjement for forebyggande fysisk- og psykisk helsearbeidEvne til sjølvstendig arbeidarbeid, ta initiativ, vere fleksibel og løysningsorientertGode samarbeidsevnerPositiv, tydeleg og engasjertGode kommunikasjons- og samarbeidsevnerTrivast i eit aktivt arbeidsmiljøBidra inn i utvikling av nye tilbod, interesse og evne til å tileigne seg ny oppdatert kunnskap på fagfeltetDet blir lagt vekt på personleg eignaheitVi tilbyrStilling som fysioterapeut i Førebygging og MestringAnledning til å medvirke i utvikling av kommunen sitt lavterskeltilbodUtfordrande og spennande stilling i ei kommune i utviklingGode pensjons- og forsikringsordningarLøns- og arbeidsvilkår etter tariffEit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø, med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utviklingKontaktinformasjonIngrid Øihaugen, Fysioterapeut, 90246121, ingrid.oihaugen@oystre-slidre.kommune.noGina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, +47 90525192, gina.myreng@oystre-slidre.kommune.noArbeidsstadBygdinvegen 19892940 HEGGENESNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4685987902Stillingsprosent: 60, 20%Fast, EngasjementSøknadsfrist: 22.10.2023
Bygdinvegen 1989, 2940 HeggenesStort kartHybridkartFlyfoto