Ergoterapeut
None
Førde
BeskrivelseEininga fysio/ergoterapi i Sunnfjord kommune har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.Sunnfjord kommune ligg sentralt på Vestlandet, der Førde er største byen og knutepunktet i tidlegare Sogn og Fjordane. Sunnfjord kommune har 22 331 innbyggjarar. Køyreavstand til Bergen er om lag 3 timar og det er 1,5 time til Sogndal. Det er flyplassar både i Førde, Florø og Sogndal. Regionen er omkransa av fjordar og fjell, noko som legg til rette for flotte naturopplevingar. I nærområdet er det mange moglegheiter for fine toppturar, både til fots og på ski, og her er fleire skianlegg.Vi har ledig:100 % vikariat frå 04.12.2023 - 17.09.2024Stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med vaksne og eldre, og er ein av to ergoterapeutstillingar på dette området med utgangspunkt i arbeidsstad Førde.Det må påreknast at det også kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i eininga i Sunnfjord kommune.Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, slik som legetenesta og pleie- og omsorgstenesta. Vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene .Arbeidsoppgåvene:funksjonskartlegging og tilrettelegging av aktivitet rettleiing og samarbeid med andre faggruppertilrettelegging og tilpassing av bustad og omgjevnaderhjelpemiddelarbeid og arbeid med velferdsteknologideltaking i kvardagsrehabiliteringsteamførebyggande arbeidKrav til søkar:autorisasjon som ergoterapeutførarkort klasse Bgode norskkunnskapar, både skriftleg og munnlegVi søker deg som:har god arbeidskapasitet, og har evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåverer strukturert, og kan planlegge eigen arbeidskvardaghar god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDocer fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav. Du søker elektronisk. Velkommen som søkar! Link til søknadsskjema: Søk her
6800 FørdeStort kartHybridkartFlyfoto