Leiar

None
Voss
BeskrivelseLeiar for dagaktivitetstilbod til eldre i Voss heradKommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.Om StillingaStillinga er ein fast stilling som er delt mellom 50% leiar for dagtilboda i heradet og 50% brukarretta arbeid. Oppdelinga er fleksibel ut i frå behov. Stillinga er organisert under avdeling for førebygging og rehabilitering, og ein vert ein del av leiargruppa til verksemdsleiaren. Me jobbar tverrfagleg i teamet vårt og har fokus på tenesteutvikling. Me jobbar med å finne løysingar for framtida der aktivitetstilbod på dagtid er ein viktig del av løysinga. Leiaren vil ha ein sentral rolle i dette utviklingsarbeidet.Me ser etter ein person som har engasjement for utvikling og endringsarbeid, og som er god på å finne løysingar. Fleksibilitet, gode samarbeidseigenskapar, endringskompetanse/vilje og gjennomføringsevne er sentrale eigenskapar for å lukkast i stillinga.Endring i stillinga må påreknast ettersom me jobbar med å utvikle og endre tenestene knytt til dagaktivitet til eldre og andre gruppe. Om avdelingaFor augeblikket har me to dagavdelingar i sentrum lokalisert på Hagahaugen og Voss sjukeheim. Leiaren vil ha ansvar for desse to tilboda.  Leiaren vil ha kontor stasjonert på Hagahaugen, der det meste av dei andre tilboda i verksemda er organisert.Me har tilrettelagt tilbod til menneske med demens 5 dagar + ettermiddagstilbod 4 dagar i veka.På Hagahaugen har me eit ordinært dagaktivitetstilbod 5 dagar i veka. ArbeidsoppgåverLeiing og organisering av dagtilbodet ved Hagahaugen rehabilitering og Voss sjukeheimUtvikling av dagtilboda og aktivitetstilbod i heradetBrukarretta arbeid i avdelingaRapportering og dokumenteringØkonomi, fag og personalansvarTidsromTiltreding i januar 2024 eller etter avtale.KvalifikasjonarYnskjeleg med relevant 3-årig helsefagleg utdanning på høgskulenivå. Søkjarar med anna særleg relevant fagutdanning er også velkomne til å søkje.Kompetanse/erfaring innan demens, somatikk, alderspsykriatri og geriatri er ein fordelDet er ikkje eit krav å ha leiarerfaring, men det er ein fordel å ha erfaring med/evne til leiarskap og økonomistyringGode framstillingsevner skrifteleg og munnleg. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.God evne til koordinering, organisering og effektiv dagleg drift er viktig i stillinga.Evne til å følgje opp ulike IKT-system er eit kravFørarkort klasse BMe ynskjer deg som er/harInitiativrik, engasjert og handlingsorientertOpptatt av utvikling og kvalitetFleksibel og open for idéarEndringsvilligEvner til å tenkja heilskapleggod omsorgsevne for både tilsette, pårørande og tenestemottakararPersonlege eigenskapar vert vektlagd i tilsetjingsprosessen.Me tilbyr:gode vilkår for fagleg utviklingeit godt tverrfagleg og sosialt miljøyrkesskade- og gruppelivsforsikringgode pensjonsordningarløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillingaMe ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Hagahaugvegen 30, 5705 VossStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.91 Virksomhetsleder
0.91 Avdelingsleder ved Mosseregionens legevakt
0.91 Aktivitør/fagarbeider - Dagsenter Stokmarknes sykehjem
0.91 100 % fast stilling som avdelingsleiar
0.91 100% fast stilling som leiar for Barne- og familietenestene
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Avdelingsleiar Bu og habilitering
0.90 Enhetsleder
0.90 Avdelingsleder til Stangnes sykehjem
0.90 Likar du å arbeide i eit aktivt miljø?
0.90 Sjukepleiar med bonus
0.90 Fagarbeidere i sektor for helse og mestring
0.90 Virksomhetsleder
0.90 Helsefagarbeidere
0.90 Seksjonsleder
0.90 Avdelingsleder
0.90 Avdelingsleiar
0.90 Vi søker sykepleiere
0.90 Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
0.90 Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
0.90 Helsefagarbeider
0.90 Helsefagarbeidar
0.90 Helsefagarbeider - Rosnes omsorgsbolig
0.90 Sjukepleier / Vernepleier
0.90 Helsefagarbeidar Korttid/Rehabilitering
0.90 Me søkjer pedagogisk leiar
0.90 Daglig leder
0.90 Virksomhetsleder legetjenesten
0.90 Helsefagarbeider
0.90 Aktivitør /helsefagarbeider
0.90 Helsefagarbeider
0.90 Sjukepleiar
0.90 Arbeidsleder
0.90 Aktivitør/sjåfør dagsenter
0.90 Helsefagarbeider / Aktivitør
0.90 Vernepleier
0.90 Avdelingsleder
0.90 Sjukepleiar eller vernepleiar
0.90 Avdelingsleiar
0.90 Sjukepleiar
0.90 Helsefagarbeider
0.90 Fagleder
0.90 Tilkallingsvikarer søkes til habilitering voksne vest
0.90 Avdelingsleder
0.90 Enhetsleder ved Solhov bosenter
0.90 Reinhaldarar, 3 faste stillingarar
0.90 Avdelingsleder Tildelingskontoret
0.90 Arbeidsleder
0.90 Helsefagarbeider