Helsefagarbeidar
None
Norheimsund
BeskrivelseI langtidsavdeling for personar med demens søkjer me deg som brenn for demensomsorg og er god på kommunikasjon.70 % fast stilling frå snarast. Stillinga kan aukast opp til 80 % med 10% årsarbeidstid om ønskjeleg60 % vikariat frå snarast - 31.05.2024Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg Toloheimen langtidsavdeling for personar med demenssjukdom er lokalisert i Norheimsund og har 16 langtidplassar delt inn i to arbeidsgruppergrupper med 8 pasientar på kvar avdeling (gruppe 3 Firkløveren/Vest).Me har ei stabil personalgruppe med god kompetanse og legg vekt på å ha ein roleg atmosfære for bebuarane.Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett hos ossVil du vite meir om oss les her: Toloheimen langtidsavdelingArbeidsoppgåverPleie, omsorg, miljøarbeid og praktisk hjelp til pasientane ved avdelingaKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidarErfaring frå arbeid på demensavdeling og interesse for arbeid med personar med demens er ynskjelegDu må ha gode kommunikasjonsevner og vera god på å samarbeida med andreDu må ha evne til å arbeida sjølvstendig og i teamGode norskkunnskapar skriftleg og munnlegAlle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Personlege eigenskaparHa interesse for arbeid med demensomsorgServiceinnstilt og engasjert Samarbeider på tvers av fagfeltFleksibel og ser løysingar Møter andre på ein respektfull og open måte Vi tilbyrGode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåverLøn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystemGode pensjons-/og forsikringsordningarGenerell informasjon:Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. KontaktinformasjonLiv Skutlaberg, Gruppeleiar langtidsavdeling for personar med demens, 993 49 586ArbeidsstadNedre Norheim 445600 NorheimsundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4715980589Stillingsprosent: 70, 60%Fast, VikarSøknadsfrist: 22.10.2023
Nedre Norheim 44, 5600 NorheimsundStort kartHybridkartFlyfoto