100% fast stilling som leiar for Barne- og familietenestene
Voss herad
Voss
Er du Voss herad sin nye leiar for Barne- og familietjenestene? Sjå her!
Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
100% fast stilling som leiar for Barne- og familietenestene
Frist
01.11.2023
Ansettelsesform
Fast
Spanande og utfordrande stilling som gir rom for fagleg og personleg utvikling!Som leiar i Voss herad blir du ein del av eit engasjert og stort fagmiljø som delar kunnskap og arbeidar tett saman. Leiar for Barne- og familietenesta sit i leiargruppa til Kommunalsjef oppvekst. I denne leiargruppa sit også leiar for skulane- og leiar for barnehagane på Voss.Du vil få kontorplass på Voss tinghus saman med resten av administrasjonen i heradet og oppvekstavdelinga. Barne- og familietenestene er samlokalisert i Knutepunktet, fem minutt å gå frå Tinghuset, du vil difor også ha mykje av arbeidstida di her.Voss herad er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) der føremålet er å kvalitetssikra heilskapleg og koordinert innsats utan brot i oppfølginga. Som leiar vil du ha ei sentral rolle i utviklinga av tenestene og avdelinga slik at me lukkast med å gje innbyggjarane rett hjelp til rett tid. Barnevernsreforma er døme på eit overordna rammeverk som avdelinga må omsetja til konkrete tiltak for tenestene i Voss herad.Arbeidsoppgåver: Som leiar for tenesteområdet, Barne- og familietenestene, er du næraste leiar for leiarane i barneverntenesta, integreringstenesta, helsestasjonen og pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT). I tillegg er du næraste leiar for dei fire kommunepsykologane. Voss herad sel PPT og kommunepsykolog-tenester til Eidfjord og Ulvik.Det kan også verte aktuelt å innlemma vaksenopplæringa som ein del av Barne- og familietenestene.Leiar for Barne og familietenestene rapporterer til kommunalsjef oppvekst. Leiar vil få ansvar for utvikling av tenestene i tett samarbeid med einingane som ligg under tenesteområdet. Stillinga inneber administrativt, økonomisk og fagleg ansvar for tenestene i avdelingane og samhandling mellom dei.Etablering og formalisering av samarbeid både internt i oppvekst og ekstern med aktuelle samarbeidspartar, vil vera ei sentral oppgåve.Kvalifikasjonar:Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå, innan leiing og/eller relevante fag for dei tenestene du skal leia.Det er ynskje om leiarerfaring og kjennskap til fagfeltet og kommunal sektor og at du kan kan visa til resultat i arbeid knytt til samhandling og innovasjon.Erfaring frå leiing i kunnskapsorganisasjonarKjennskap til offentleg sakshandsamingPersonlege eigenskaparDu er ein initiativrik medarbeidar med høg integritet.Du har evna til å tenkje overordna og strategisk, samstundes som du må gje leiarstøtte til leiarane under deg.Du har ein visjon om å skapa gode tenester med brukar i sentrum, ha evna til å inspirera sine tilsette og arbeida målretta og systematiskDu har god skriftleg og munnleg framstillingsevneDu har god gjennomføringsevne og gode samarbeidsevnerMenn vert oppmoda til å søkjaMe tilbyrInteressante og utfordrande arbeidsoppgåverGode utviklingsmoglegheiter, både fagleg og personlegHøve til å påverka eigen arbeidskvardagFleksibel arbeidstidEit spanande fagmiljø med dyktige kollegaerHeimekontor etter avtaleGod pensjonsordningGode lønnsvilkårEit godt fagleg og sosialt miljøSjølvstendige arbeidsoppgåverEin fagleg utfordrande og spennande jobb i et aktivt miljø Søknad Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Sektor
Offentlig
Sted
Voss tinghus, 5700 Voss
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Nøkkelord
leiar, barne, familieminster, saksbehandling, ledelse
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Frode Monsen
Telefon
41 12 24 32
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Voss Kommune
Følg firma
154 følger dette firmaet
Voss tinghus, 5700 Voss
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto