Rekneskapsrådgjevar
Fjord1 AS
Florø
Har du ekte kjærleik for tall? Vi håpar på ein match!
Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Rekneskapsrådgjevar
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Ein av våre dyktige medarbeidarar skal innan dei neste åra gå over i ei ny tilværelse etter ei lang karriere hjå oss. For å rigge oss for framtida, og sikre ei god kompetanseoverføring, ynskjer vi å styrke vår regnskapsavdeling med ein engasjert og positiv regnskapsrådgjevar. Stillinga ligg organisert under økonomiavdelinga som tel om lag 20 flotte og dyktige medarbeidarar. Du vil bli ein del av eit stort kompetansemiljø innan fagfeltet. I Fjord1 trur vi på å investere i våre tilsette si faglege og personlege utvikling. Du kommer til eit støttande arbeidsmiljø og eit utviklande læringsmiljø. Din suksess er vår suksess! I tillegg til å være operativ, får du også ei analytisk rolle. Du må kunne handtere daglege oppgåver, samtidig som du tar initiativ til å forstå og bidra til overordna økonomiske strategiar og analysar. Vi har for lengst arkivert ringpermen, og ligg langt framme på system og digitale løysingar. Vi arbeidar kontinuerleg med oppdatering, forbetring og utvikling. Vi håpar at du ynskjer å bidra til styrking og utvikling av vårt regnskapsarbeid. Vi heiar på nye idear, effektive prosesser og innovative løysingar. Vi ser etter deg som vil vere ein bidragsytar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Du er ein person som evner å heve blikket, sjå samanhengar og det store bildet. Du har evne til å kommunisere godt med dine kollegaer på alle nivå i organisasjonen, være ein rådgjevar og sparrings partner, forstå problemstillingar og formidle løysingar. Kanskje er vi ein god match? Vi ventar i spenning på din søknad!
Arbeidsoppgåver
Prosessforbetring, utvikling og implementering av nye rutinarKvalitetsikring og intern rapporteringDelta i utarbeiding av konsernrekneskapLøpande rekneskapsoppgåverAvstemming og avslutning av rekneskap
Ønska kvalifikasjonar
Høgare utdanning, gjerne innan rekneskap eller økonomi Lang erfaring innan feltet kan kompensere for manglande utdanningAutorisasjon i rekneskap er ein fordelGod forståing av system og dataflyt Gode norskkunnskaper muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Strukturert og målbevisstGod på samhandling og kommunikasjonAnalytiske evnerSjølvstendig
Vi tilbyr
Ei interessant og sjølvstendig stilling i Norges leiande ferjeselskapMoglegheit for å lære, vekse og utvikle segDyktige kollegaer, og eit godt arbeidsmiljøKonkurransedyktige betingelsar Gode velferdsordningar
Om arbeidsgiveren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør. Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Sted
Strandavegen 15, 6900 Florø
Bransje
Maritim og offshore,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Økonomi og regnskap / Regnskap,
Økonomi og regnskap
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Malin Steinset
Stillingstittel
HR Rådgjevar
Telefon
47 39 39 97
Send melding
Kontaktperson
Håvard Grotle
Stillingstittel
Rekneskapsleiar
Telefon
95 26 10 05
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra FJORD1 ASA
Følg firma
198 følger dette firmaet
Strandavegen 15, 6900 Florø
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto