Statsautorisert regnskapsfører
Accountor HAFS As
Dale i Sunnfjord
Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team?
Arbeidsgiver
Accountor HAFS As
Stillingstittel
Statsautorisert regnskapsfører
Frist
snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ACCOUNTOR AS People & Culture Services
Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team? Les vidare!Accountor HAFS er lokalt eigd, og er franchisetakar i Accountor. Vi har hovudkontor i Dale og avdelingskontor i Leirvik. Det er viktig for oss at du trivst på jobben! Vi har i dag 16 dedikerte medarbeidarar der ein i Leirvik og 16 sit i Dale, der tre av desse også bemannar kontoret i Førde. Vi har høg medarbeidartilfredsheit og høg kompetanse både fagleg og på systemsida. Vi er svært opptatt av å ta i bruk ny teknologi, og er i teten på dette området.Ønskjer du å være med og utvikle næringslivet? Ser du etter ei stilling med utviklingsmoglegheit – og ser du etter ein arbeidsgjevar som kan løfte deg vidare? Då vil vi gjerne høyre frå deg!Vi har no ca 400 kundar lokalt. Vi ønskjer å styrke vår satsing ytterlegare, og søker ein autorisert rekneskapsførar eller ein person som er villig til å lære seg faget med bakgrunn i si utdanning.Kven er du?Som person er du forretningsorientert, og du blir motivert av å prestere! Vi ser for oss at du er initiativrik, sjølvstendig og ser løysingar der andre ser utfordringar. Vidare er du positiv, og liker å bygge og ivareta gode relasjonar både med kollegaer og kundar.Videre har du:Økonomiutdanning på bachelornivå, med god fagleg innsikt i områda rekneskap, skatt og avgift.God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi.God munnleg og skriftleg framstillingsevneManglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring eller administrativ bakrunn.Og ikkje minst ønskjer du vidare fagleg utvikling i eit hyggeleg og spennande miljø! Har du særlege kvalifikasjonar er det også aktuelt med ytterlegare ansvar utover det som er utlyst i stillinga.Kva vil du gjere?Rekneskap fra a til å, herunder ansvar forBokføring, dokumentasjon og avstemmingarRapportering til kundarÅrsoppgjer, skattemeldingar og likningspapirKvalitetsoppfølging av oppdragaKva kan vi tilby deg?:I Accountor blir du ein del av Nord-Europas største kjede innan vårt felt, og i ein bransje som er i ei spennande endring. Du vil få jobbe i eit sterkt fagleg miljø, omgitt av dyktige og framtidsretta kollegaer med ulike bakgrunnar.Videre kan vi tilby:Interessante og utfordrande oppgåverMoglegheit til å bli autorisert rekneskapsførarModerne løysningar til våre kundar og dermed ein meir spennande jobb for våre medarbeidararEin jobb som tilbyr varig personleg utviklingFleksible arbeidstidsordningarVi kan også tilby konkurransedyktige vilkår, eit godt arbeidsmiljø, sosiale arrangement og kollegaer som vil jobbe ilag for å levere framtidas tenester til våre kundar!Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn din søknad med din motivasjon for stillinga, samt din oppdaterte CV. Vi gler oss til å høyre frå akkurat deg!Arbeidsstad:Vi har kontorlokaler i Dale, Førde og Leirvik i sogn. Arbeidsstad vil bli avklart etter ønskje det kan være Dale, Førde eller Leirvik, eventuelt i ein kombinasjon.Søknadsfrist er snarast. Har du spørsmål om stillinga eller oss som selskap, kontakt dagleg leiarKim Frode Solheim tlf: 950 71 677, eller personalansvarleg Ragnhild Nordnes tlf: 410 80 498.Vi i Accountor arbeider med menneske – ikkje bere med tal!
Om arbeidsgiveren
Accountor er Nord-Europas største kjede innan økonomi- og rådgjevingstenester. Vi har spesialisert oss på programvareløysingar, rekneskap og outsourcing-finanstenester for å nå vårt mål, nemleg å hjelpe kundar med å oppdage og bruke moglegheitene ved moderne teknologi og digitalisering i sin arbeidskvardag! Rekneskapsbransjen er i stadig endring med stort fokus på elektroniske løysingar og effektivisering. Vil du være med oss inn i framtida på vår spennande reise?
Sektor
Privat
Sted
Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord
Bransje
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Regnskap,
Økonomi og regnskap / Revisjon
Nøkkelord
Økonomi, Regnskap, Regnskap A-Å, Regnskap og avstemming, Økonomiansvar
(1/4)
(2/4)
(3/4)
(4/4)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Kim Frode Solheim
Stillingstittel
Dagleg leiar
Telefon
95 07 16 77
Send melding
Kontaktperson
Ragnhild Nordnes
Stillingstittel
Personalansvarleg
Telefon
41 08 04 98
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Accountor People & Culture Services
Følg firma
186 følger dette firmaet
Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto