Rekneskapsførar
None
Volda
BeskrivelseAsk Administrasjon AS er eit lite rekneskapsselskap som tilbyr rekneskapstenester, administrative tenester og rådgjeving til små bedrifter. Vi starta verksemda i 2020 og har auka etterspurnad om oppdrag frå ulike bransjar. Vi er medlem i Regnskap Norge og har samarbeidsavtale med Noregs Bondelag, fordi vi er opptekne av at kundane våre skal få tenester som er best mogleg tilpassa deira behov.Vi ønskjer å tilsette ein statsautorisert rekneskapsførar eller ein økonomiutdanna med ambisjonar om å få statsautorisasjon som rekneskapsførar.Det er også ønskjeleg at du:har jobba med faget og har erfaring med årsoppgjer og skattemeldinghar god systemforståing og datakunnskaper sjølvstendig, men også ein god lagspelartoler travle periodar og er påpasseleg med tidsfristarlikar kundekontakt og tek ansvar for å skape gode kunderelasjonarer engasjert og vil vere med på å skape eit godt fag- og arbeidsmiljøVi kan tilby deg:fleksibel arbeidstidsordningei spanande og variert kundeporteføljetilbod om etterutdanning, kurs og konferansargode arbeidsfasilitetar og løn etter avtaleFinn vi den rette personen, kan det verte aktuelt med deleigarskap i selskapet.Arbeidsstad er Volda - midt i hjartet av Søre Sunnmøre med fjordar, fjell og eit rikt kultur- og næringsliv.Om du tenkjer at dette kan vere noko for deg, kontaktar du dagleg leiar Ragne Ørstavik Sørheim. På grunn av GDPR skal du ikkje sende personsensitive opplysningar utan nærare avtale.
Hamnegata 20, 3. etasje, 6100 VoldaStort kartHybridkartFlyfoto