Rekneskapsrådgjevar
None
Volda
BeskrivelseAsk Administrasjon AS er eit lite rekneskapsselskap som tilbyr rekneskapstenester, administrative tenester og rådgjeving til små bedrifter. Vi starta verksemda i 2020 og har auka etterspurnad om oppdrag frå ulike bransjar. Vi er medlem i Regnskap Norge og har samarbeidsavtale med Noregs Bondelag, fordi vi er opptekne av at kundane våre skal få tenester som er best mogleg tilpassa deira behov.Stillinga er nyoppretta og skal ha eit særleg ansvar for at våre system og rutinar sikrar god kvalitet. Det medfører m.a. ansvar for å forbetre, utvikle og gi opplæring til teamet vårt. Det er pårekna at du vil vere oppdragsansvarleg for kundar. Stillinga krev at du er statsautorisert rekneskapsførar.Til stillinga ønskjer vi at du:har jobba med faget og har erfaring med årsoppgjer og skattemeldinghar god systemforståing og datakunnskaper sjølvstendig, men også ein god lagspelartoler travle periodar og er påpasseleg med tidsfristarkommuniserer godt og tek ansvar for å skape gode relasjonarer engasjert og vil vere med på å skape eit godt fag- og arbeidsmiljøVi tilbyr:fleksibel arbeidstidsordningspanande og variert kundeporteføljetilbod om etterutdanning, kurs og konferansargode arbeidsfasilitetar og løn etter avtaleFinn vi den rette personen, kan det verte aktuelt med deleigarskap i selskapet.Arbeidsstad er Volda - midt i hjartet av Søre Sunnmøre med fjordar, fjell og eit rikt kultur- og næringsliv.Om du tenkjer at dette kan vere noko for deg, kontaktar du dagleg leiar Ragne Ørstavik Sørheim. På grunn av GDPR skal du ikkje sende personsensitive opplysningar utan nærare avtale.
Hamnegata 20, 6100 VoldaStort kartHybridkartFlyfoto