Vi søker nettverksrådgivar
Norec
Førde
Er du ein relasjonsbyggar med god teknisk kompetanse?
Arbeidsgiver
Norec
Stillingstittel
Vi søker nettverksrådgivar
Frist
15.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Vi søker nettverksrådgivar
Om stillingaNorec Network er eit nytt erfaringsnettverk for deltakarar som tidlegare har vore på utveksling gjennom eit Norec-prosjekt. I nettverket skal deltakarane få inspirasjon, dele idear, skape band og utvikle nye prosjekt og partnarskap som kan bidra i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål.Som nettverksrådgivar får du ansvar for både det praktiske og administrative i drifta av Norec Network, noko som mellom anna inneber utforming av innhald og kommunikasjon i nettverket. Du vil også arrangere nettverkstreff i ulike delar av verda nokre gongar i året.Du blir ein del av seksjon for Kunnskap og læring. Seksjonen er sentral i Norec si formidling av utvekslingskompetanse, og du vil difor også ha oppgåver knytt til formidlingsarbeid opp mot andre målgrupper enn Norec Network. CRM-systemet vårt vil vere eit viktig arbeidsverktøy som du vil nytte systematisk for å skape betre relasjonar og interaksjonar med dei ulike målgruppene våre.Ansvars- og arbeidsoppgåverAdministrere og drifte Norec NetworkProduksjon av innhald som til dømes e-læringVidareutvikle CRM-systemet som Norec harPlanlegge og gjennomføre nettverkssamlingar og arrangement for andre målgrupperBygge nettverk med aktørar som har nytte av Norec som kompetansesenterKvalifikasjonarminst 3-årig relevant høgare utdanning, gjerne innan marknadsføring og kommunikasjonminst to års arbeidserfaring med liknande oppgåvergod forståing for IT-prosessar, og kompetanse på Microsoft Dynamics eller liknande CRM-system moglegheit og lyst til å reise i jobben, både i innland og utlandinterkulturell kompetansegode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnlegI tillegg er det ein fordel om du har erfaring frå arbeid med:nettverksbygging og/eller alumni-arbeidtilrettelegging av kurs/undervisningproduksjon av innhald som e-læring, nyheitsbrev, presseskriv kommunikasjonFNs berekraftsmålOm degFor å lykkast som nettverksrådgivar må du vere ein god formidlar, trivast godt med samarbeid og ta initiativ til nytenking og læring. Du bør også ha interesse for digital utvikling og må trivast i eit internasjonalt miljø. Det er mykje sjølvstendig arbeid i stillinga, så du må kunne prioritere og ha god gjennomføringsevne.Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi vil legge vekt på personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.Vi tilbyreit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaerein arbeidsgivar som legg vekt på utvikling og kompetansehevinggode velferdsordningar og fleksibel arbeidstidmoglegheit for trening i arbeidstidahøve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasseStillinga blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ som rådgivar/kode 1434 frå kr. 548.600 - 646.000. Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.Les dette før du søker:Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.For søkarar som ikkje kan jobbe full stilling, vil det vere mogleg med ei arbeidstid mellom 75 og 100 %. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.KontaktinformasjonFor meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:Seksjonsleiar Kunnskap og læring, Øystein Garfors. E-post: oystein.garfors@norec.no. Telefon: +47 41 53 06 03Seniorkonsulent HR, Nina Aas. E-post: nina.aas@norec.no. Telefon: +47 99 31 25 40Søknadsfrist: 15. oktober 2023Arbeidsstad: FørdeStartdato: 1. januar 2024 eller etter avtale
Om arbeidsgiveren
Norsk senter for utviklingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, mellom fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Vi er eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, og gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring og kunnskap innan berekraftig utvikling. Meir enn 220 bedrifter, institusjonar og organisasjonar i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er del av det internasjonale nettverket vårt.Les meir om Norec på www.norec.no
Sektor
Offentlig
Sted
Fjellvegen 9, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kurs og opplæring,
Markedsfører
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Norec
Følg firma
312 følger dette firmaet
Fjellvegen 9, 6800 Førde