Vernepleiar
None
Haugesund
BeskrivelseEr du utdanna vernepleiar og ynskjer ein givande jobb med varierte arbeidsoppgåver, så søkjer vi ny kollega til Almennpsykiatrisk sengepost på Haugaland DPS. Allmennpsykiatrisk sengepost har overlege i psykiatri, legar og psykologspesialist, samt fleire høgskuleutdanna og helsefagarbeiderar med vidareutdanning. Vi er i dag to allmennpostar som samarbeidar og har samla sett 9 ordinære senger, 1 kriseseng, fleire brukarstyrte senger samt gruppebehandling i samarbeid med Allmennpoliklinikk. Den som tilsettes i stillinga må pårekne deltaking i gruppebehandling.Haugaland DPS er ein del av helseføretaket Helse Fonna HF. Haugaland DPS har saman med Karmøy DPS ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestane i kommunane Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Karmøy, Etne, Sauda og Suldal. Samla innbyggartal er omlag 120 000. Haugaland DPS har ansvar for spesialisttilbodet til fengselshelsetenesta i Haugesund og Vindafjord kommune. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, FACT, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.ArbeidsoppgåverStillinga er knytta til allmennpsykiatrisk sengepost Nord (no i samarbeid med sengepost Sør)Vi arbeidar etter primærsjukepleieprinsippet, du vil derfor få ansvar for sjukepleiefaglig oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande.Miljøterapi retta til pasientar med psykisk liding Nært samarbeid med aktuelle, eksterne instansar.Opplæring og rettleiing av studentar.Pasientundervisning i grupper og som miljøterapeutisk tiltak i sengepostKvalifikasjonarNorsk autorisasjon Må ha gode IKT-kunnskaparDet er ynskjeleg med videreutdanning innan psykiatri eller rusUndervisningserfaring vil være ein fordelFørerkort klasse B (manuell gir)Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknadUtdanningsretningVernepleieSjukepleieUtdanningsnivåHøgskule/universitet, diplom-/ bachelorgradPersonlege eigenskaparPersonleg eigna og relevant erfaring blir vektlagt.Bidra til eit godt arbeidsmiljø.Må kunne fungere godt i eit til tider aktivt og travelt miljøDu har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturertDu kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaerDu behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respektSpråkNorskVi tilbyrFor å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.ÅrsturnusJevnleg internundervisning og moglegheit for deltaking i veiledningsgruppe.Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift). MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.KontaktinformasjonKari Sætre, Funksjonsleiar, 45299840Kari Bjelland Wågen, Funksjonsleiar, 90062586ArbeidsstadFloravegen 755535 HaugesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4685680321Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 15.10.2023
Floravegen 75, 5535 HaugesundStort kartHybridkartFlyfoto