Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester
None
Bergen
BeskrivelseKronstad Distriktspsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen, Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit moderne bygg på Danmarksplass. Liker du teamarbeid? Ønsker du ein variert og spennande arbeidsdag, der du får anvendt fagkunnskapen din på mange ulike måtar? Då kan dette vere noko for deg! Vi har ledig ein 100% fast stilling for psykologspesialist i vårt akutt-teamKronstad DPS søker etter psykologspesialist i fast 100% stilling i Seksjon for akutte tenester (SAT). SAT er pt. bemanna med psykologspesialist, 2 psykologar, seksjonsleiar/psykiatrisk sjukepleiar og sosionom. Teamet har også tilknyttet lege. Teamets faste psykologspesialist går over i anna stilling i DPS'et fra nyttår og vi søker derfor etter ein erstattar. Planen er å styrke teamet ytterligere. SAT har ansvar for alle akuttvurderingar og vurderingar med kort frist, og fullfører fleire oppfølgingsløp etter akuttvurdering. Ei av hovudmålsettingane med oppfølging av SAT er å tilby god akuttbehandling og unngå unødig innlegging. SAT følger opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp, i all hovudsak i kontora ved avdelinga.SAT tar i mot tilvisingar frå legevakt, poliklinikk, fastlegar, sjukehus og private spesialistar. SAT har hovudansvar i akutthjelpsordninga ved Kronstad DPS med daglege akuttvurderingar. SAT deltar på fellesundervisning, fagutvikling og anna samhandling ved Kronstad DPS. Det er etablert eigen spesialistrettleiing, samt moglegheit for forsking. ArbeidsoppgåverPlanlegge vidare organisatorisk og fagleg utvikling av SAT saman med teamet og i tråd med sentrale føringar og lokale retningslinjer. Vurdere og behandle akuttpsykiatriske tilstandar, samt vurdere riktig vidare oppfølging/ behandling der dette er aktueltSamarbeide med poliklinikkar og sengepostar i DPS og med øvrige instansar som har med pasienten å gjereVurdering av tilstand og behandlingsbehov hos pasientar som er tilvist akuttime i DPS, og igangsette eller fullføre dette behandlingsforløpet. Pasientar i SAT blir følgde opp i avgrensa behandlingsforløpKvalifikasjonarPsykologspesialist med erfaring innan psykisk helsevern for vaksne Erfaring frå allmennpsykiatri og akuttpsykiatri er ein fordel Du må ha interesse for å utvikle våre akutte tenester og ha erfaring med arbeid i team Norsk autorisasjonGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)Personlege eigenskaparDu må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og arbeide sjølvstendig Ønske om å utvikle teamet til det beste for pasientane Trivast med varierte arbeidsoppgåver og teamarbeidDu må kunne jobbe strukturert og målretta samtidig som du kan handtere ting ad hoc, og bidra positivt til arbeidsmiljøetPersonlege eigenskapar vert lagt vekt påVi tilbyrVarierte og spennande arbeidsoppgåver Anledning til å delta i utforminga vidare av SAT og i Kronstad DPS Eit godt fagleg fellesskap med høg kompetanse og høg trivsel, der tryggleik på kvarandre og gjensidig støtte er viktige pilararLønn etter avtaleMangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.KontaktinformasjonGunnhild Karlsen Stien, Seksjonsleiar, 55956000Lars Onsrud, Klinikkoverlege, 55956000ArbeidsstadFjøsangerveien 365054 BergenNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4715569512Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 05.11.2023
Fjøsangerveien 36, 5054 BergenStort kartHybridkartFlyfoto