BeskrivelseVanylven kommune skal bidra til at barn og unge i og utanfor skuletida får utvikle sine sansar og skapande evner. Kulturskulen skal vere med å styrke barn og unge sin sjølvtillit, og gje glede i livet. Tilbodet i kulturskulen inneber undervisning i visuell kunst og eit breitt utval musikkinstrument. Kulturskulen har òg ansvaret for aspirantopplæringa for korpsa i kommunen, og er arbeidsgjevar for kor- og korpsdirigentane. Skulen har om lag 80 elevplassar, og 7 tilsette. Frå skuleåret 2023/24 starta ei toårig prøveordning med gratis kulturskule i Vanylven, og ein ny rektor vil få ansvar for vidareføringa av dette spanande prosjektet – Vanylven er ein av berre to kommunar som har innført gratis kulturskule! Rektor ved kulturskulen er ansvarleg for skulen si drift og utvikling, noko som inneber at rektor er fagleg, pedagogisk og administrativ leiar med delegert personal- og økonomiansvar. Rektor har undervisning lagt til stillinga si. Som rektor skal du vidareutvikle ein framtidsretta, attraktiv og aktiv kulturskule i samarbeid med barn, unge, føresette, tilsette og lokalsamfunn. Vår nye kulturskolerektor tenkjer nytt, kreativt og løysingsorientert, evnar å motivere og kan samarbeide godt internt i organisasjonen og med eksterne aktørar.Rektor ved kulturskulen er ein del av leiargruppa i kultur og oppvekst (KUOP), og deltek i rektormøter og leiarutvikling i denne gruppa. Rektor ved kulturskulen har kommunalsjef for kultur og oppvekst (KUOP) som nærmaste leiar. Søkjarar som er kvalifiserte for det og som ønskjer det, kan få moglegheit til å ta rektorskulen. Stillinga kan eventuelt vurderast kombinert med andre kommunale stillingar.Vanylven kulturskule er samlokalisert med Myklebust skule i Syvde. Så langt det er praktisk mogleg blir det òg gitt undervisningstilbod i andre skulekrinsar, alt etter tal søkjarar til det enkelte tilbod og kvalifisert lærartilgang. Undervisar må då pårekna å reise til den aktuelle skulen. Kontorstad for den administrative delen av stillinga er pr. dato på kulturskulekontoret i Syvde. Oppmøtestad kan diskuterast. Noko kvelds -og helgearbeid må påreknast. Arbeidsoppgåverfagleg, administrativ og pedagogisk leiing av kulturskulen (50%)undervisning (50%)kulturfagleg og pedagogisk utviklingsarbeidøkonomi- og personalansvardeltaking i kulturskulenettverk og andre samarbeidsforumbygge nettverk og samarbeide med ulike interne og eksterne aktørarvere pådrivar og koordinator for tiltak, aktivitet og prosjektKvalifikasjonarMinimum treårig relevant høgskule -eller universitetsutdanningPedagogisk utdanningSterkt ønskjeleg med minst tre års erfaring frå kulturskule, jf rammeplan for kulturskuleRelevant leiarutdanning og/eller relevant leiarerfaring, jf rammeplan for kulturskuleDigital kompetanseKjennskap til og forståing for kulturarbeidDen tilsette må ha førarkort klasse B, og kunne disponere eigen bil (avtale om køyregodtgjersle)Personlege eigenskaparer fleksibel og løysingsorienterthar evne til å skape motivasjon og trivseler utviklingsorientertkan syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidarhar evne til å bygge gode relasjonarhar ein open og tydeleg kommunikasjonhar gode samarbeidsevnerVi tilbyrAktive og motiverte elevarEit positivt arbeidsmiljø med flotte kollegaerEit utviklingsorientert og samarbeidande personaleSpanande arbeidsoppgåverEit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionaltLøn etter avtalenedbetaling av studielån ved folkeregistrert adresse i Vanylven kommuneLøn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema som du finn på heimesida. CV skal fyllast inn i søknaden. Personlege eigenskapar saman med kvalifikasjonar vil bli vektlagt. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.KontaktinformasjonKirsti Kalseth Sjøhaug, Headvisor, 97 73 16 80, Kirsti.Sjohaug@headvisor.noKarina Longva, HR-leiar, 93280242, karina.longva@vanylven.kommune.noFrode Vik, kommunalsjef kultur og oppvekst, 99 28 86 00ArbeidsstadRådhuset6143 FiskåNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4698399157Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.01.2024Søknadsfrist: 01.11.2023
Rådhuset, 6143 FiskåStort kartHybridkartFlyfoto