Barnehagelærar
None
Kalvåg
BeskrivelseKalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. Kalvåg barnehage er ein 2. avdelingsbarnehage. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen og skulen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga. Frå 01.01.24-29.11.24 er det ledig ei 100% vikariat stilling som barnehagelærar ved Kalvåg oppvekst, avdeling barnehage.ArbeidsoppgåverArbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar.Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen.I samarbeid med pedagogisk leiar ha eit fagleg ansvar for ei barnegruppe. Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon. KvalifikasjonarVed utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning. Barne- og ungdomsarbeidar eller andre med kompetanse og erfaring oppmodast om å søkje.God skriftleg og munnleg framstillingsevne.Gode norsk-kunnskapar.Personlege eigenskaparDu er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse.Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling.Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter.Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine.Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag.Du trivast med, og har helse til å vere ute i all slags ver.Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.Vi tilbyrMeiningsfylt arbeid og faglege utfordringar.Godt arbeidsmiljø – trivelege kollegaer.Tilsetting på kommunale vilkår.Hjelp til å skaffe bustad.Hjelp til å skaffe barnehageplass.KontaktinformasjonDag Magne Nigardsøy, Driftssjef, 959 82 985ArbeidsstadKleivavegen 136729 KalvågNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4702897573Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.01.2024Sluttdato: 29.11.2024Søknadsfrist: 22.10.2023
Kleivavegen 13, 6729 KalvågStort kartHybridkartFlyfoto