Sceneteknikar
Det Norske Teatret
Oslo
Vil du bli sceneteknikar ved landets største teater?
Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Sceneteknikar
Frist
22.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Det er ledig ei fast stilling SCENETEKNIKAR Har du ein lidenskap for teater, og ønskjer å utvikle deg som sceneteknikar? Vi søkjer etter deg som er eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar. Det Norske Teatret speler repertoarteater og vekslar mellom fleire framsyningar på ei og same veke. Arbeidsoppgåvene vil derfor ha eit stort spenn og dreie seg om alt frå montering og oppsetjing til avvikling av alle produksjonane til teateret. Stillinga er ei 100 prosent fast stilling. Utdanning og erfaring · Teknisk bakgrunn eller fagbrev som handverkar · Erfaring frå teater- og scenekunstfeltet er ein fordel · God kjennskap til HMS-arbeid vil vere ein fordel · Førarkort og truckførarbevis er ønskjeleg Personlege eigenskapar · Har god forståing for heilskapen innan det teatertekniske området · Er initiativrik, kreativ og sjølvstendig · Har gode samarbeidsevner · Er serviceinnstilt og fleksibel · Er løysingsorientert, allsidig og lærevillig Vi tilbyr · Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø · Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar · God kollektive ordningar· Gunstig ferieordning · Lønn etter tariff Sceneteknisk avdeling arbeider i skift, og du må rekne med kvelds- og helgearbeid. Arbeidsstaden kan variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater, både i Oslo eller på turné. Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje. Spørsmål om stillinga kan rettast til: Stian Næss, fagavdelingsleiar E-post: stian.naess@detnorsketeatret.noMobil: 95247459 Søknadsfrist: 22. oktober 2023
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 225 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.
Sektor
Privat
Sted
Kristian IVs, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Teknisk personell
Nøkkelord
sceneteknikk, handverkar
(1/1)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Stian Næss
Stillingstittel
Fagavdelingsleiar
Mobil
95 24 74 59
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra LL Det Norske Teatret
Følg firma
540 følger dette firmaet
Kristian IVs, 0164 Oslo
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto