Kostymeteknikar
Det Norske Teatret
Oslo
Vil du bli kostymeteknikar ved landets største teater?
Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Kostymeteknikar
Frist
22.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Det er ledig ei fast stilling som Kostymeteknikar Ønskjer du å jobbe i ei kreativ avdeling med høgt tempo saman med dyktige og rause kollegaer? Det Norske Teatret søkjer ein positiv og ansvarsfull kostymeteknikar i 100 % fast stilling. Arbeidsoppgåver Dagleg ansvar for vedlikehald og klargjering av kostymer til alle scener som inkluderer vask, vedlikehald, reparasjon og innkjøp. Ansvar for å planlegge kostymeplasseringar og gjennomføre kostymeskift under framsyningane Tett samarbeid med skodespelarar og dei ulike faggruppene på teatret Hjelpe kostymeverkstaden med ulike saumoppgåver ved behov Ønska kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har sveinebrev i eit av handverksfaga kostymesyar eller kjole- og draktsyar eller tilsvarande saumkunnskap. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå teater, opera, film eller TV. Ønska personlege eigenskapar Du likar å jobbe med menneske og trivast med å jobbe i eit hektisk miljø Fleksibel og løysingsorientert God orden og stor arbeidskapasitet Arbeider sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og liker å jobbe i team Serviceinnstilt, fleksibel og tolmodig Merksam og med auge for detaljar Snakkar godt norsk og kan kommunisere godt på engelsk Vi tilbyr Ein spanande og utfordrande jobb med moglegheit for fagleg utvikling Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar, i eit spanande og profesjonelt teatermiljø Gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar Gunstig ferieordning (fem veker ferie, to veker fri med lønn) Arbeidstida er lagt til en skiftordningLønn etter gjeldande tariff. Ønska oppstart er 1. januar 2024.Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 225 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.
Sektor
Privat
Sted
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Annet
Nøkkelord
søm, kostyme, vedlikehald, kostymeskift
(1/3)
(2/3)
(3/3)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Sara Michetti
Stillingstittel
Fagavdelingsleiar kostymeavdelinga
Mobil
41 17 55 66
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra LL Det Norske Teatret
Følg firma
540 følger dette firmaet
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto