Lysteknikar
Det Norske Teatret
Oslo
Vil du bli lysteknikar ved landets største teater?
Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Lysteknikar
Frist
22.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Det er ledig to faste stillingar som LYSTEKNIKAR Vi søker etter to allsidige, engasjerte og fleksible teatermenneske med solid lysteknisk bakgrunn og ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar. Arbeidsoppgåver: Du skal utføre lystekniske oppgåver under prøver og framsyningar i tillegg til rigg, reparasjon og vedlikehald av lysteknisk utstyr. Du vil saman med resten av lysteknisk team vere med på å levere lystekniske løysingar til teateret sine nye produksjonar. Du vil også jobbe tett saman med andre faggrupper på teateret. Ønska kvalifikasjonar: Relevant utdanning og/eller erfaring frå tilsvarande arbeid Kunnskap om lysbord, nettverk og elektronikk Generelt god datakunnskap Initiativrik og evne til å jobbe sjølvstendig. Omgjengeleg og innstilt på å yte god service. God ordenssans og gode samarbeidsevner. Førarkort er ønskjeleg Vi tilbyr Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar Gode kollektive ordningar Gunstig ferieordning (fem veker ferie, to veker fri med lønn) Lønn etter tariff Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke. Arbeidstida er ei skiftordning med vaktar på dag, kveld og helg. Arbeidsstaden kan variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater, både i Oslo eller på turné. Den eine stillinga har ønska oppstart 1. januar og den andre 1. februar 2024. Spørsmål om stillinga kan rettast tilEigil Aasen, FagavdelingsleiarE-post: eigil.aasen@detnorsketeatret.noMobil: 980 98 599
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 225 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Kristian IV, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Teknisk personell
Nøkkelord
lys, scenekunst, lysteknikk
(1/1)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Eigil Aasen
Stillingstittel
Fagavdelingsleiar
Mobil
98 09 85 99
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra LL Det Norske Teatret
Følg firma
540 følger dette firmaet
Kristian IV, 0164 Oslo
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto