Byggesakshandsamar
None
Ålesund
BeskrivelseFor Ålesund kommune er byggesaksavdelinga ein viktig bidragsytar for omdømebygging og attraktivitet. Arbeidsprosessane i avdelinga er tett knytt til andre avdelingar og verksemder som plan, geodata, vatn og avløp, miljø og samferdsel samt innbyggartorg.Kommunen har stor byggeaktivitet og stor variasjon i type saker. I Ålesund sentrum er bevaring og arkitektonisk kvalitet eit særleg fokusområde. I områda rundt Ålesund og i dei historiske kommunesentra i Skodje og Sjøholt er det meir utprega bustadstrøk, medan ein og har landlege område der landbruk, jordvern og naturvern er sentrale omsyn. Oppgåvene varierer frå saker knytt til vern/utvikling av historisk bykjerne til oppgåver i landlege områder i heile Ålesund kommune. Avdelinga har omlag 15 medarbeidarar med ulik fagbakgrunn. Sakshandsaminga skal sikre at utbygging skjer innanfor plan- og bygningslova, og bidreg til føreseieleg by- og tettstadsutvikling. Avdelinga følgjer opp byggesaker, tilsyn og ulovlegheitssaker. Stillinga inneber mykje kontakt med publikum, og evne til kommunikasjon og samarbeid er viktig. Vi treng fleire ressursar og skal tilsette 3 sakshandsamarar for byggesaker. 2 av stillingane er reservert for søkjarar med arkitekt-kompetanse, medan den siste stillinga er reservert for søkjarar med ingeniør-kompetanse. ArbeidsoppgåverHandsaming av byggesøknadar, både administrativt og til politiske utval.Deltaking ved tilsyn.Rettleiing og andre oppgåver etter plan- og bygningslova.Sjølvstendig sakshandsaming og arbeid i team. KvalifikasjonarHøgare utdanning innan relevant fagfelt, arkitekt-kompetanse og ingeniør-kompetanse.Du må ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel om du har førarkort klasse B, men det er ikkje eit absolutt krav.Erfaring frå offentleg sakshandsaming er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskaparSamfunnsengasjert.Nyskjerrig og interessert i å utvikle digitale tenester. Løysingsorientert og serviceinnstilt. Strukturert og analytisk. Du må ha evne til å både arbeide sjølvstendig og i team med kollegaer. Vi tilbyrMoglegheit til å påverke morgondagens samfunn. Spennande og meiningsfylte oppgåver. Eit godt tverrfagleg miljø. Utviklingsmoglegheiter. Lønn etter avtale.Fleksibel arbeidstidsordning.Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring. KontaktinformasjonSilja Øvrelid, Verksemdsleiar, silja.ovrelid@alesund.kommune.noArbeidsstadKeiser Wilhelms g. 116003 ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: 4713456481Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 22.10.2023
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto