Journalist i NRK Vestland
None
Førde
BeskrivelseNRK Vestland har ledig ein fast jobb som journalist i Førde. Vi har akkurat flytta til nye og moderne lokale i Nynorskhuset i Førde sentrum. Her er vi lokalisert saman med avisa Firda og Teater Vestland, og vi har ein felles visjon om å bli eit nasjonalt kraftsentrum for norsk språk og kultur. NRK har som mål å nå eit breitt publikum på nett og mobil. Vi ser etter ein journalist med sterk digital kompetanse, som kan løfte nyheiter frå Vestland til eit regionalt og nasjonalt publikum.NRK Vestland har kontor i Førde og Bergen, og lokalkontor i Odda, på Stord, på Nordfjordeid og i Sogndal. Du vil samarbeide med kollegaer i heile redaksjonen, og du får tett og god oppfølging og rom til å utvikle deg som journalist. ArbeidsoppgåverDu må jobbe for å løfte både den raske journalistikken og den planlagde eigenjournalistikken.Du må vere oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valde av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum. Når det skjer store hendingar, som ulukker og ras, vil du vere den som rykkjer ut og leverer bilete og gjer intervju. KvalifikasjonarVi ser etter ein journalist som har erfaring frå nyheitsarbeid og som følgjer med på nyheiter. Vi er ute etter deg som har gode leiareigenskapar og vil vere med å ta eit større ansvar i redaksjonen. Vi vil vektlegge erfaring frå arbeidsleiing.Dersom du skriv godt og engasjerande, vil fleire lese det du skriv. Det er ein fordel om du kan skrive nynorsk eller er innstilt på å lære det.Gode bilete og video er eit anna viktig verkemiddel for å nå breitt ut med sakene. Vi ynskjer deg som kan fortelje visuelle historier eller som er interessert i å lære det.Du må ha førarkort i jobben.Personlege eigenskaparVi ser etter deg som har energi og humør, som kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar.Du må ha gode samarbeidsevner og vere med på å løfte heile laget.Du bør ha interesse og ambisjonar om arbeidsleiing.Vi tilbyrI NRK Vestland blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Vi leverer godt til alle riksflater, NRK.no, Dagsnytt og Dagsrevyen.NRK i vest har ein undersøkande redaksjon, og i Førde og Bergen er det riksredaksjonar som blant anna lagar dokumentarar til NRK TV.NRK er ikkje lønsleiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe saman med, og lære av, nokon av dei beste i mediebransjen. NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.KontaktinformasjonDyveke Maiken Buanes, Redaktør, +47 971 44 624Linda Olin Reite, Redaksjonssjef, +47 975 00 907ArbeidsstadStorehagen 106800 FørdeNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: NRKReferansenr.: 4718298765Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 31.10.2023
Storehagen 10, 6800 FørdeStort kartHybridkartFlyfoto