Prosjektleiar
None
Vinje
BeskrivelseBrenn du for ungdom som treng ei støttande hand?Vinje kommune startar no opp med det 4-årige prøveprosjektet Rocket-Man Vinje. Dette vert ein lokal avdeling av det nasjonale prosjektet Rocket-Man. Prosjektet ynskjer å fange opp ungdom som står i fare for å falle utanfor fellesskapet, eller som strevar med å finne sin plass i livet. Me ser etter ein prosjektleiar som brenn for ungdommar som treng hjelp til å finne sine arenaer for meistring, og som kan bruke engasjementet sitt til å etablere Rocket-Man her i Vinje.Kva er Rocket-Man?Rocket-Man blei etablert av Eidanger idrettslag i Porsgrunn etter at ein ung lovande gut tok ei ufrivillig overdose. Det overordna målet for initiativet er å hindre at slike ting å skje igjen, ved å gje ungdomar som treng det ein hjelpande hand og eit støttande nettverk. Ungdomar som blir plukka ut til å vere med i Rocket-Man får ein aktivitetsguide som tar dei med på aktivitetar og kan samanliknast med ein god storesyster eller storebror og ein ansvarleg ven ein kan stole på.Les meir om Rocket-Man her: https://rocket-man.no/Leo Ajkic har laga ein episode i serien sin <> som gjev eit godt bilete av kva Rocket-Man er: https://tv.nrk.no/serie/rus/sesong/1/episode/5/avspillerKva ser me etter i deg?Me ser etter ein erfaren person som kan koordinere spennande aktivitetar for ungdomar, vere god leiar for ei gruppe engasjerte aktivitetsvertart og vere ei trygg hamn for ungdomar som treng det.Stillinga som prosjektleiar vil gå ut på å:ta initiativ til, utvikle og drive Rocket-Man i Vinjetilsetje og rettleie aktivitetsguidarsamarbeide med ressursgruppe frå andre faginstansarvere kontaktperson for ungdom og føresette i prosjektetha økonomisk ansvar for aktivitetane i regi av Rocket-Manhjelpe til med søknad og rapportering om tilskot og tilskotsordningardelta i nettverk med andre Rocket-man avdelingarvere ein del av verksemda kultur og fritid i Vinje kommuneKvalifikasjonar:3-årig bachelor innanfor pedagogikk, sosial- eller helsefag. Annan relevant bachelorutdanning eller realkompetanse kan vurderastGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Skriftspråket i Vinje kommune er nynorskGode digitale ferdighetarFørarkort klasse B og disponerer eigen bilErfaring:Erfaring frå arbeid med ungdomErfaring med prosjektarbeidPersonlege eigenskapar:Du er ein lagspelar og relasjonsbyggjarDu er sjølvstendig, varm og tryggDu er engasjert, fleksibel og kan ta initiativDu ser etter, og finn, det beste i ungdomenDet leggast stor vekt på personleg eigenhet og motivasjon for oppgåvene i stillingaDet er krav om politiattest for å bli tilsett i denne stillinga.Me kan tilbyLøn etter avtaleGode forsikrings- og pensjonsordningarGode barnehagetilbodI samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå Vinje kommune sine heimesider.Velkomen som søkjar!
Vinjevegen 192, 3890 VinjeStort kartHybridkartFlyfoto