Rovviltkontaktar i SNO - Øvre Telemark og Numedal

9. Statens Naturoppsyn (SNO)
Bø i Telemark
Rovviltkontaktar i SNO - Øvre Telemark og Numedal
Arbeidsgiver 9. Statens Naturoppsyn (SNO) Stillingstittel Rovviltkontaktar i SNO - Øvre Telemark og Numedal Frist 29.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med MILJØDIREKTORATET
Om stillingaStillinga som rovviltkontakt, fast tilsett på tilkalling i Statens naturoppsyn (SNO), gir deg høve til å jobbe i felt med innsamling av viktige data som har stor betydning for forvaltninga av store rovdyr. Stillinga er knytt til éin eller fleire kommunar, og du må ha god lokalkunnskap. Det er viktig at rovviltkontakten kan løyse oppgåvene i god kontakt og dialog med beitebrukarar og lokalsamfunnet elles. Rovviltkontakten utfører oppgåver på dei arbeidsområda og i det geografiske området som blir bestemt av den fagansvarlege for rovviltdokumentasjon i lokalt SNO. Oppgåvene skal løysast i tråd med fastsette instruksar og elles på den måten og i den prioriteten som SNO bestemmer.Arbeidet som lokal rovviltkontakt er eit bierverv. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og arbeidstida vil vere varierande, styrt av hendingar og avhengig av behov. Vi strekar under at den enkelte arbeidstakaren sjølv må passe på at den samla arbeidsbelastninga i hovudarbeidsforholdet og arbeidet som rovviltkontakt ikkje overstig det som er forsvarleg.Naturoppsynsmyndigheit er ikkje ein del av rolla som rovviltkontakt. Arbeidet krev god rolle- og aktørforståing og at ein følger policyen til arbeidsgivaren og HMS-reglementet som gjeld innanfor dei aktuelle arbeidsområda og oppgåvene. Rovviltkontakten har plikt til å delta på kurs og andre kompetansehevande tiltak i regi av SNO.Stillinga sine hovudansvarsområdegjennomføre skadedokumentasjon i felt ved mistanke om rovviltskadar på husdyr og tamreinkontrollere tilfeldige meldingar om rovvilt, som har prioritet for registrering i samsvar med overvakingsprogrammet for rovviltkvalitetssikre og rapportere innsamla faglege data i samsvar med instruksarplanlegge og organisere sitt eige feltarbeidsområde innanfor gjeldande instruksverk og retningslinjereigenadministrasjon innanfor timelister, reiserekningar mv.avlaste kollegaer innanfor ansvarsområdet ved behovbistå i opplæringa av nytilsette rovviltkontaktarkontakt med lokale beitebrukarar, aktuelle kommunar, grunneigarar, lokale samarbeidspartar, interesseorganisasjonar og publikuminformasjons- og representasjonsoppgåver for SNO ved behovArbeidsoppgåvene er styrte av hendingar og krev stor fleksibilitet med tanke på planlegging og gjennomføring. Du må rekne med å bruke din eigen bil. Bilbruken blir dekt etter statlege satsar.Rovviltkontakten kan ved behov bli spurd om å ta på seg oppdrag utanfor kjernefunksjonen.Hovudgeografien for dei to utlyste stillingane er 1) Øvre Telemark og 2) Numedal. Oppgje kva for ei stilling du søkjer på i søknadsbrevet. KompetansekravKvalifikasjonarDet er ingen krav om formell utdanning, men du må ha god generell feltkompetanse og erfaring frå sjølvstendig arbeid.Det blir lagt vekt på kompetanse innan fagområdet og felterfaring frå rovviltarbeid.Det krevst god lokalkunnskap om området du skal arbeide i, og det er forventa at du har fast tilhald i området.Det blir lagt vekt på innsikt og kunnskap om rovviltforvaltning generelt og om verksemda til SNO spesielt.Du må ha alminneleg gode kunnskapar om bruk av dataverktøy, og gode kunnskapar om bruk av GPS er ein fordel.Det blir lagt vekt på erfaring frå samarbeid innanfor beitenæring/-organisasjonar.EigenskaparDet er nødvendig med god evne til positiv relasjons- og tillitsbygging overfor aktuelle brukargrupper.Søkarane må ha godt omdømme i det lokale arbeidsområdet og god vandel. Referansar kan bli innhenta frå kommunar og lokal beitenæring.Vi tilbyrfast stilling på tilkalling, normalt inntil 300 timar per årstilling som teknikar og med lønn på for tida kr 233,- per time (statens lønnsregulativ)opplæring i gjeldande policy, metodar og HMS-reglementHar du spørsmål?Kontaktperson for stillinga er  regionalt fagansvarleg i SNO, seniorrådgivar Espen Marker, tlf. 97570975 eller e-post espen.marker@miljodir.no eller seksjonsleiar Jan Paul Bolstad tlf. 950 60 608. Oppgi referansenummer 54-2023 SRD når du tek kontakt.Generelle opplysningarDu må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din. Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet. Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Sektor Offentlig Antall stillinger 2 Sted Øvre Telemark og Numedal, 3800 Bø i Telemark Bransje Offentlig administrasjon, Dyr og dyrehelse Stillingsfunksjon Biolog, Veterinær og dyrepleier, Annet
Nøkkelord SNO, rovviltkontakt, rovviltforvaltning, felterfaring, skadedokumentasjon
(1/1)
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Jan Paul Bolstad Stillingstittel Seksjonsleiar Telefon 95 06 06 08 Send melding
Søk her
Følg firma 2239 følger dette firmaet
Øvre Telemark og Numedal, 3800 Bø i Telemark Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.97 Rovviltkontakt SNO - Tolga/Os
0.93 Rådgiver/seniorrådgiver SNO - Tromsø
0.90 Rådgiver / seniorrådgiver - rovvilt og beitebruk
0.90 Seksjonssjef til Storskog, område Nord,
0.89 Kontaktperson i mottak og undersøkelse
0.89 Kundeveileder / saksbehandler
0.89 Rådgiver - viltforvaltning
0.89 Helgestillinger, Nødbolig Rodeneset
0.89 Undervisningsstilling - Naturfag
0.89 Driftsleder ved Stavanger friluftssenter
0.88 Undervisningsstilling service, sikkerhet og administrasjon 50%
0.88 Kjøretøykontrollør Notodden
0.88 Undervisningsstilling salg og reiseliv 50%
0.88 Kontaktperson
0.88 Støttekontakt
0.88 Lærer ved Flåtestad ungdomsskole
0.88 Natur- og miljøvernrådgiver
0.88 Rådgivar/seniorrådgivar - miljøoppfølging næringsliv
0.88 Rådgiver jord- og plantekultur
0.88 Kommunikasjonsrådgiver/taleskriver
0.88 Byggeleiar automasjon
0.88 Tilkallingsvikarer og deltidsstillinger
0.88 Medarbeider Roaldsøy SFO 50% fast
0.88 Kommunikasjonsrådgjevar
0.88 Miljøarbeider natt - seksjon Soltun
0.88 Kontaktlærer/spesialpedagog
0.88 Teknisk byggjeleiar til å følge opp Norgeshistorias største Samferdselskontrakt - Sotrasambandet
0.88 Saksbehandler/Kontrollør
0.88 Lærer matematikk og naturfag
0.88 Lærer matematikk og naturfag
0.88 Barnets kontaktperson
0.88 Landbruksdirektør
0.88 Kantineleder Skogmo videregående skole
0.88 Driftsinspektør
0.88 Kantinemedarbeider Skogmo videregående skole
0.88 Lærling innen service- og administrasjonsfaget
0.88 Kontaktperson i barneverntjenesten
0.88 Utekontrollør Taraldrud
0.88 miljøarbeidere- Tilkallingsvikar
0.88 2 hele stillinger som miljøveileder/miljøarbeider
0.88 Losoldermann Møre og Trøndelag losoldermannskap
0.88 Røkter - akvakultur landanlegg
0.88 Avdelingsleder
0.88 Kontrollingeniør innan arbeidsvarsling til å følgje opp Norgeshistorias største samferdselskontrakt
0.88 Skiinstruktør/skitrener
0.88 Prosjektleder drift
0.88 Kundeveileder/saksbehandler Gjøvik
0.88 Fantoftåsen bofellesskap søker flinke Helgevakter!
0.88 Miljøveileder
0.88 Undervisningsstilling engelsk og historie
0.87 Kontrollingeniør
0.87 Sørum skole - Kontaktlærere
0.87 Kontaktlærer
0.87 Avdelingsleder norsk og samfunnsfag
0.87 Kontormedarbeider
0.87 Taksonom
0.87 Barnehagemedarbeider
0.87 Vernepleier/Miljøterapeut - seksjon Solhellinga