Kommunikasjons- og strategidirektør

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Førde
Er du vår nye kommunikasjons- og strategidirektør?
Arbeidsgiver Lotteri- og stiftelsestilsynet Stillingstittel Kommunikasjons- og strategidirektør Frist 22.10.2023 Ansettelsesform Fast
Kommunikasjons- og strategidirektør skal jobbe for at vi leverer på samfunnsoppdraget vårt: å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Vi søker derfor etter ein leiar som er strategisk, erfaren, trygg og utviklingsorientert. Kommunikasjons- og strategistaben med fire tilsette har hovudansvaret for tilsynets eksterne og interne kommunikasjon, samt overordna strategi. Kommunikasjons- og strategidirektør er ein del av tilsynets leiargruppe og har direktør som næraste overordna.Ei av våre viktigaste oppgåver i Lotteri- og stiftelsestilsynet er å dele innsikt og fagkunnskap. Denne informasjonen må vere tilgjengeleg og forståeleg for dei ulike målgruppene våre. Eit viktig perspektiv vi har med oss, både i det daglege og i strategiprosessar, er at vi til ei kvar tid må forstå samfunnet og brukarane våre best mogleg.Ser du for deg å kunne spele ei nøkkelrolle i arbeidet nemnt over? Då må du lese vidare, og ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål.
Arbeidsoppgåver strategisk og operativt kommunikasjonsarbeidkunnskapsformidlingoppfølging av hovudstrategi og kommunikasjonsstrategiansvar for nettsider, sosiale medium og intranettkommunikasjonsrettleiing og -kursing, mediekontakt, systemansvar og medieovervakingrådgjeving og bistand til gjennomføring av kommunikasjonsprosjekt, kampanjar og konferansar
Kvalifikasjonar masterutdanning, fortrinnsvis innan kommunikasjon, men lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravetleiarerfaring er ein fordelerfaring frå strategisk endringsarbeid er ein fordelgode resultat frå proaktivt pressearbeid og mediehandteringinnsikt og erfaring i bruk av digitale verktøy og god teknologiforståingsvært god skriftleg og munnleg formuleringsevne både på nynorsk og bokmålgod skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk
Personlege eigenskapar strategisk og analytisk relasjonsbyggar, både internt og eksternttrygg i leiarrolla og god på å spele andre godegod gjennomføringsevne forståing og interesse for Lotteri- og stiftelsestilsynets samfunnsoppdrag og rolla til offentleg sektor
Vi tilbyr eit tverrfagleg arbeidsmiljø, med breitt samansett kompetanse engasjerte medarbeidarar, med stor interesse for sine fagområde varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag.fleksibel arbeidstidgode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæringlunsjordningtrening i arbeidstidamedlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkårfleksibel arbeidstidmoderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantineIA-bedriftLønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som fagdirektør med stillingskode1538. Det blir trekt 2 prosent av lønna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader. Dersom du ønskjer å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngje det i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje. Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på Arbeidsgiverportalen . Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.
Om arbeidsgiveren Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.På huset jobbar i rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange forskjellege fagfelt.Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal føre tilsyn med at norske pengespeltilbydarar driv i samsvar med lova, og at utanlandske spelselskap ikkje tilbyr spel retta mot den norske marknaden. Vi rettleier og fører tilsyn med stiftelsar, for å sikre at dei jobbar for å realisere formåla sine, i tråd med gjeldande regelverk. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping. Ser du etter ein samfunnsnyttig arbeidsplass med kjekke kollegaer er det berre å ta kontakt! Om vi ikkje har ledig stilling ute akkurat no, vil vi oppmode deg om å gi oss ein lyd likevel.
Sektor Offentlig Lederkategori Leder Sted Storehagen 1B, 6800 Førde Bransje PR, informasjon og kommunikasjon
Nøkkelord strategi, kommunikasjon, Førde, leder
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Atle Hamar Stillingstittel Direktør Telefon 99 28 43 00
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet
Følg firma 32 følger dette firmaet
Storehagen 1B, 6800 Førde Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.91 Avdelingsdirektør
0.91 Kommunikasjonssjef
0.91 AIF EKOM - Avdelingsdirektør
0.91 Kommunikasjonsrådgiver/taleskriver
0.91 Kommunikasjonssjef
0.91 Sikkerhetsleder Informasjonsforvaltning
0.91 Kommunikasjonsdirektør
0.91 Seksjonsleder kommunikasjon, analyse og arkiv
0.91 Kommunikasjonsrådgiver
0.90 Kommunikasjonsrådgiver (vikariat ut 2024)
0.90 Avdelingsdirektør
0.90 Leder, strategi og utvikling
0.90 Kommunikasjonsrådgiver - vikariat
0.90 Markeds- og kommunikasjonsdirektør
0.90 Kommunikasjonsrådgiver / webredaktør
0.90 Kommunikasjonsrådgiver
0.90 Driftsingeniør/driftsleder Stord
0.90 Kommunikasjonsrådgiver
0.90 Rådgiver / spesialrådgiver
0.90 Organisasjons- og personalsjef
0.90 Er du vår nye planlegger Strømforsyning?
0.90 Kommunikasjonsrådgiver
0.90 Direktør for Nordland Musikkfestuke
0.90 Fagleder arbeidslivskriminalitet
0.90 Avdelingsdirektør
0.90 Vikariat som kommunikasjonssjef
0.90 Leder for seksjon strategisk anleggsutvikling
0.90 Kommunikasjonsrådgiver
0.90 Seniorrådgivar - barnehage og skole
0.90 Seksjonsleder virksomhetsstyring og internkontroll
0.90 Seksjonssjef driftsstyring
0.90 Avdelingsleder skole
0.89 Forsikringsrådgiver
0.89 Direktør - sekretariat for Skatteklagenemda
0.89 Seksjonssjef samhandlingstjenester
0.89 Kommunikasjonsrådgiver
0.89 Rådgiver/Ingeniør Byggforvaltning
0.89 Kommunikasjonsdirektør
0.89 Administrerende direktør
0.89 Rektor Skjervøy barneskole
0.89 Avdelingsleder strategi og styring
0.89 Gjeldsrådgiver
0.89 Administrasjonssjef
0.89 Kommunikasjonsrådgiver internkommunikasjon og nett
0.89 100 % fast stilling som avdelingsleiar
0.89 Rådgiver
0.89 Kommunikasjonsrådgiver
0.89 Distriktsjef
0.89 Prosjektleder
0.89 Strategisk rådgiver
0.89 Kommunikasjonsrådgjevar
0.89 Seksjonssjef
0.89 Markedsfører/Kommunikasjonsrådgiver/Designer
0.89 Kommunikasjonsrådgiver Joint Action
0.89 Er du vår neste IT-rådgiver?
0.89 Direktør, HR og kompetanse
0.89 Rådgiver i engasjement - Kommunikasjon - Virksomhetsstyring- og utvikling
0.89 Er du vår nye medarbeider til faste helgestillinger eller tilkalling i Heldøgnsomsorg 1?
0.89 Prosjektleder i Samferdselsavdelingen