Lege

Fitjar kommune
Fitjar
ID 868 Kommunal fastlege ved Fitjar legesenter
Arbeidsgiver Fitjar kommune Stillingstittel Lege Frist 30.10.2023 Ansettelsesform Fast
Er du vår nye fastlege?Det er ledig stilling som fastlege i Fitjar kommune frå 1. desember 2023. Stillinga har eit listetak på 900 pasientar med tilsynsfunksjon på sjukeheimen. Det er valfritt om du vil vera kommunalt tilsett med fastløn eller sjølvstendig næringsdrivande.Fitjar legekontor har til saman tre fastlegar og ein LIS1 lege. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling. Kontoret er kommunalt drevet med tilsett sjukepleiarar og helsefagarbeidar.Som fastlege i Fitjar kommune deltar du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08.00-15.00, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og den er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 40 vakter fordelt på årsbasis.Fitjar kommune søkjer deg som: Har norsk autorisasjon som lege.Har fullført LIS1.Kan norsk eller eit nordisk språk godt, både munnleg og skriftleg.Har god kommunikasjonsevne med pasientar, pårørande og samarbeidspartar.Har interesse for fagutvikling og vilje til tverrfagleg samarbeid.Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering.Har grunnleggjande brukarkunnskap til IKT-verktøy.Er fleksibel og løysingsorientert.Har høg arbeidskapasitet og er påliteleg.Har førarkort for personbil og disponerer eigen bil. Fitjar kommune tilbyr: Opparbeidd liste og moglegheit for økt listetak om ein ønskjer dette.Flotte tilhøve for drifta med nytt kommunalt legesenter og kommunalt støttepersonell.Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.Moglegheit til å velje næringsdrivande praksis med 8.2 avtale.Pensjons- og forsikringsordning i KLP for kommunalt tilsett lege.Tilrettelegging for fagleg utdanning ved deltaking på relevante kurs, og ev. støtte til ALIS utdanning.Bistand med å finna bustad.Veiledning av ALIS?Moglegheit for bruk av ultralyd.TilsetjingsvilkårTilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen. Vilkår for overtaking må avtalast med kommunen dersom ein søkjer som næringsdrivande.Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.Relevant erfaring vil bli vektlagd saman med personlege eigenskapar. Det vert lagt vekt på fagleg dugleik, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet. Nyutdanna som stettar krav til fastlegeheimel blir òg oppmoda om å søkja. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest.For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kommuneoverlege Anne Lise Haukås (telefon 926 888 96), eller etatsjef for helse- og omsorg Anne Økland (telefon 909 86 971). Søknadsfrist: 30.10.23.
Om arbeidsgiveren Om kommunen: Fitjar er ein øykommune med vel 3200 innbyggjarar. Kommunen ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland og har urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjer. Fitjar ligg sentralt i Sunnhordland, med kort avstand til Stord, Haugesund, Bergen og Stavanger. Fitjar kommune har om lag 200 dyktige medarbeidarar som gjer ein god innsats for at innbyggjarane skal ha ein meiningsfull og god kvardag. Som lege hjå oss vert du med på å byggje dette laget vidare. Fitjar kommune er opptatt av høg kvalitet på helsetenestene og at pasientane våre får god service. For å lykkast vidare i dette arbeidet søkjer kommunen deg som deler vår målsetnad og er ein kollega som fremjar fellesskap og samarbeid i fagmiljøet.
Sektor Offentlig Sted Sjøsbrekko 1, 5419 Fitjar Bransje Helse og omsorg Stillingsfunksjon Lege, Lege / Allmennmedisin Arbeidsspråk Norsk
Nøkkelord allmennlege, fastlege, lege
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Anne Lise Haukås Stillingstittel Kommuneoverlege Mobil 92 68 88 96 Kontaktperson Anne Økland Stillingstittel Etatsjef Mobil 90 98 69 71
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Fitjar kommune
Følg firma 11 følger dette firmaet
Sjøsbrekko 1, 5419 Fitjar Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Fastlege
0.92 Personal- og organisasjonssjef
0.91 Ledig fastlegeavtale - Berg Legekontor
0.91 Fastlegehjemmel - Gladbakk legesenter
0.91 Fastlege
0.90 Sykehjemslege
0.90 Fastlønnet fastlege i 100% stilling
0.90 Fastlege
0.90 100 % fast stilling for helsefagarbeider
0.90 Fast 100% Helsefagarbeider
0.90 4 Fastlegeheimel
0.90 Senior HR rådgjevar
0.90 Fastlegestillingar/ALIS
0.90 Overlege/bedriftslege
0.90 Legestillinger
0.90 LEDIG FASTLEGEHJEMLER VED VÅLER LEGESENTER
0.90 Fastlege
0.90 Sykepleier
0.90 Fastlege
0.90 Lege i spesialisering 2/3
0.90 Fastlege
0.90 Helsefagarbeider 100% fast stilling
0.90 Sjukeheimsoverlege
0.90 Sykepleier
0.90 Sykepleier fast stilling
0.90 100% fast stilling som sykepleier/vernepleier
0.90 Sykepleier 100 % stilling
0.90 Selvstendig næringsdrivende - Fastlege - Deleliste
0.90 Ledig fastlegehjemmel ved Svelvik legesenter
0.90 Sykepleiere i fast 80 % tredelt stilling og foreldrevikariater med mulighet for fast ansettelse
0.90 Fastlegehjemmel - 8.2 kontor (kommunal drift av kontoret)
0.90 Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
0.90 Ledig fastlegehjemmel ved Eiker Legekontor
0.89 Sykepleier 100% fast
0.89 Fastlege Vika legesenter
0.89 Fastlege Fokus legesenter
0.89 Einingsleiar ved Fjell sjukeheim
0.89 Helsesekretær
0.89 Sykepleier
0.89 Avdelingssykepleier - 100% fast stilling
0.89 Ledig fastlegehjemmel ved Markeveien Legesenter - Bergenhus bydel
0.89 Lege i spesialisering
0.89 Overlege i indremedisin
0.89 Helsefagarbeider 100% Storåsen bofellesskap.
0.89 Ledig fastlegehjemmel ved Risøyhamn legekontor i Andøy Kommune!
0.89 Vikar 100% Helsefagarbeider
0.89 Overlege Psykiatri
0.89 Konsulent vernepleier/sykepleier 100 % fast stilling på Dagavdelingen
0.89 Psykolog
0.89 Overlege i Geriatri
0.89 Fastlege-Deleliste ved Gimle legesenter
0.89 100% fast sjukepleiar ved Heimetenesta sone sør
0.89 Helsesekretær 100% fast
0.89 Fastlege til 8.2-avtale i nytt og moderne legesenter!
0.89 Sykepleier
0.89 Helsefagarbeider i fast 80 % med arbeid hver 2. helg