IPS Ung-jobbspesialist
None
Førde
BeskrivelseTrur du det finst ein jobb for alle? Har du kjennskap til næringslivets bransjar og arbeidsplassar? IPS Ung-Jobbspesialisten jobbar etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS) med ungdom i alderen 16 år og oppover. I IPS ung følger du opp ungdom som har psykiske og/eller samansatte utfordringar. Metoden inneber tett samarbeid med behandlarar og behandlarteam, samt arbeidsgivarar. Oppdraget til ein jobbspesialist er å legge til rette for at ungdommen klarer å fullføre utdanning eller komme i arbeid, samt klare stå i utdanning eller arbeid. Er du lagspelaren vi ser etter?Som IPS ung-jobbspesialist vil du inngå i eit team på fire jobbspesialistar, inkludert ein metoderettleiar. Utover dette vil du også vere ein del av eit større jobbspesialistmiljø ved NAV Sunnfjord.Formell tilsetjing er NAV Sunnfjord, men du vil bruke mykje av tida ute i næringslivet og med behandlarteam.Nav Sunnfjord har ledig:100 % fast stilling som IPS Jobbspesialist Arbeidsoppgåver: Ein IPS jobbspesialist nyttar IPS-metodikk og samarbeider difor med ungdommen sjølv, behandlerteam, NAV og arbeidsgivar. Dette inneber mellom anna at du skal:følge opp eigen portefølgje med ungdommar identifisere ungdommen sine interesser, ferdigheiter og ressursar og legge ein plan for vidare skule eller arbeid. tilbringe minst 65 % av tida ute i lokalmiljøet for å oppsøke skule/studiestad, bedrift og bygge nettverk med desse. følge opp ungdom i skule eller jobb, samt involvere samarbeidspartar dokumentere og rapportere arbeidet i eige fagsystem bidragsytar i behandlingsteam Kvalifikasjonskrav: minimum tre-årig relevant høgskule eller universitetsutdanning. Relevant praksis og resultat frå liknande arbeid vil kunne kompensere for utdanningskravetgod relasjonskompetanse kjennskap til lokalt næringsliv førarkort klasse B Vi ønsker at du har:gode digitale ferdigheiter erfaring med oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging erfaring frå å jobbe med ungdom og utdanning Vi ser etter deg som:har eit engasjement for å motivere både ungdom og arbeidsgivarklarer å sjå moglegheitene for utdanning eller arbeid for ungdom trass i helseutfordringar klarer å skape tillit og relasjon til ungdom trivst i arbeid med resultatmålingar og stort krav om utetid Vi tilbyr:eit sosialt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar kor arbeidsmiljø blir verdsett høgttrening i arbeidstid og fleksitid stor fleksibilitet og påverknad på din eigen arbeidsdag rettleiing og fagleg oppfølging frå metoderettleiar meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte tverrfaglege team eit miljø for å skape gode tenester for innbyggjarane i Sunnfjord kommune tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns-og pensjonsvilkår, i lønsspenn 485 400 til 628 900 etter utdanning og tenesteansiennitetDu søker elektroniskVelkommen som søkar. Link til søknadsskjema: Søk her
Hafstadvegen 40 B, 6800 FørdeStort kartHybridkartFlyfoto