BeskrivelseHar DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag?Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. Vi har ledig 33 fast helgstilling på natt med arbeid pt. kvar 3. helg, oppstart etter nærare avtale.ArbeidsoppgåverFølge opp pasientar sin behandlingsplanBygge relasjonar til pasientaneBidra til eit trygt og forutsigbart postmiljøPraktiske oppgåverAnsvarsvakt (sjukepleiar/vernepleiar)Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar)Planlegge og sette i verk behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar)KvalifikasjonarStudentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søkeSjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjonDet blir lagt vekt på å vere personleg eignaSøkar må meistre norsk, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskaparVi ønsker medarbeidarar som:har respekt for kvar enkelt pasienter sjølvstendige, løysingsorienterte og målrettahar god struktur, men samstundes evne til å vere fleksiblehar gode kommunikasjonsevnerhar evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/ eller agiterte pasientarer tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldninger serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaertrivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljøØnsker og evner å motta rettleiingVi tilbyrEit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonarKursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervisningLønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) MangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering. KontaktinformasjonSigurd Ulfeng Jakobsen, Seksjonsleiar, 55958530June Tvedt, Ass.seksjonsleiar, 55958734ArbeidsstadSandviksleietet 15036 BergenNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4719675989Stillingsprosent: 33%FastSøknadsfrist: 31.10.2023
Sandviksleietet 1, 5036 BergenStort kartHybridkartFlyfoto