Beskrivelse2. gangs utlysningStilling som sokneprest i Nord-Gudbrandsdal prosti, med hovudansvar for sokna Lom, Garmo og Bøverdal er ledig.  Lom fellesrådsområde ligg i Ottadalen og har samanfallande grenser med Lom kommune. Lom er ei fjellbygd med sterk og vakker natur og rike kulturtradisjonar. Lom kommune er nasjonalpark kommune, og bygde- og administrasjonssenteret Fossbergom (Lom sentrum) er nasjonalparklandsby. Størstedelen av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Lom, der Galdhøpiggen er høgste fjellet i kommunen. Vi har òg delar av Reinheimen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark i kommunen. Det er bussamband til Oslo og Trondheim, Måløy og Bergen. Fossbergom er eit trafikknutepunkt som også har bussrute til Sogndal om sommaren. Det er eit rikt kulturliv med t.d. korverksemd og folkemusikk, og matkultur har òg sterke tradisjonar. Hovudnæringsvegar er landbruk og turisme. Dessutan er det ein del arbeidsplassar i industri og tenestenæringar. Folketalet ligg på omlag 2300. Her er ca 2000 kyrkjemedlemmer , dåpsprosenten ligg på over 100 og konfirmasjonsprosenten ligg på omlag 90. Lomskyrkja er ei fantastisk stavkyrkje frå 1100-talet som ligg i Fossbergom. Om sommaren er Lomskyrkja eit mykje besøkt turistmål med rundt 40 000 turistar i ein sesong på omlag 5 månader. Garmo kyrkje, som er ei langskipkyrkje frå 1879, ligg like ved rv. 15 om lag 15 km aust for Lom sentrum. Bøverdal kyrkje er ei 8-kanta trekyrkje frå 1864. Ho ligg like ved fv. 55 om lag 20 km sørvest for Lom sentrum. Alle tre kyrkjene er rikt utsmykka med mellom anna tradisjonell treskurd. Kyrkjegardane i kommunen ligg ved kyrkjene. Det er eit nytt kyrkjelydshus like bak Lom kyrkje som har alter som er viet av biskopen og kan nyttas til messer. Preste- og kyrkjekontoret har gode lokaliteter og held til i kommunehuset til Lom kommune. Det er fem stillinger tilknytta kontoret; kyrkjeverge i 80%, kyrkjelydsekretær i 60%, organist i 75% og kyrkjetenar i 100%, samt ein kyrkjegardsarbeidar i 50%.  I tillegg samarbeider Skjåk og Lom om trusopplærar, eit prosjekt som førebels er eitt år. Det er eit godt samarbeid mellom prestane i prostiet og dei gjer nytte av kvarandres kunnskap. I Nord-Gudbrandsdal prosti blir vektlagd eit arbeidsmiljø preget av gode rammer, fagleg utvikling og trivsel.  Kvar månad har prestane konvent.  Eit gjennomgåande tema i konventet er å utvikla det frivillige engasjementet inn mot særleg gudstenestelivet. Alle kyrkjene har nynorsk liturgi, og administrasjonsmålet er nynorsk.   Søkjer må beherske begge målforma. Den som vert tilsett må vise fram politiattest utan merknader.  Ber om at du i søknaden opplyser om du vil stå på ei offentleg søkjarliste.ArbeidsoppgåverÅ bidra til å styrkje og utvikle ei open og inkluderande folkekyrkje.Soknepresten samarbeider med trusopplærar om trusopplæringsarbeidet, og det er utarbeidd plan for trusopplæring. Konfirmantundervisinga byrjar med ein helgetur til Trondheim. Opplegget utover året er samlingar ein gong i månaden, og deltaking på konfirmantopplegget Hekta sin konfirmantweekend på Lillehammer i februar.Dei kyrkjelege livsrituala (dåp, vigsel, konfirmasjon og gravferd) er hjørnesteinar i Lomssamfunnet.Det er utarbeidd årsplan for gudstenester i dei tre sokna. I påska og om sommaren er det tradisjon for messer på fjellet og på lokale stader i sokna, mellom anna på den gamle kyrkjetomta i Garmo.Soknepresten har kvardagsmesse på Lom helseheim omlag 1 gong i månaden.Soknepresten har sete i Lom kyrkjelege råd.Soknepresten deltek i beredskapsordninga i Nord-Gudbrandsdal prosti.Soknepresten samarbeider med soknepresten i Skjåk, slik at kvar av dei har gravferdsveke annankvar veke for både Lom og Skjåk. Det er òg nokre felles gudstenester.KvalifikasjonarCand. theol - profesjonsstudium teologi (etter 2004)Praktisk teologisk utdanning. Personlege egenskaparEvne til samarbeid med friviljuge og andre tilsette vert vektlagd.Den som vert tilsett må ha gode evner til kommunikasjon og samhandling, og kunne vera både sjølvstendig og fungera godt i team.Vi tilbyrTenestebustad om dette er ynskjeleg.Stillinga vert løna som 1555 sokneprest.Innskot i Statens Pensjonskasse.I tillegg til løna kjem særlege regulative godtgjersler.Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norkse kyrkja. Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov- og regelverk og tenesteordning for sokneprestar i Den norske kyrkja.Arbeidsrettleiing blir tilbodne prestane i Hamar bispedømme.Dei som er interesserte i stillinga er velkomne på besøk i Lom å få omvisning på rekninga til bispedømmet. Ta kontakt for avtale.KontaktinformasjonEli Bekken, Rådgiver, 91844677Birgitte Bentzrød, prost, 91824016Arbeidssted-2686 LomNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 4702281581Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 19.11.2023
-, 2686 LomStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.93 Sokneprest Hillesøy
0.93 Sokneprest i Bergen domprosti med Sandviken menighet som tjenestested
0.91 Sokneprest i Østre Borgesyssel prosti med tjenestested Spydeberg sokn
0.90 Prostiprest i Tromsø domprosti
0.90 Sokneprest i Bakkehaugen, Majorstuen og Vestre Aker menighet
0.90 PUU-Prest under utdanning -Gauldal prosti-Glåmos og Brekken, Røros og Hitterdal som tjenesteområder
0.90 Kapellan i Frogner og Bygdøy menigheter
0.90 Kapellan i Søndre Follo prosti med tjenestested Skoklefall sokn
0.89 Prest i Trefoldighetskirken
0.89 Organist
0.89 Organist
0.89 Kapellan i Åsane prosti med Eidsvåg og Biskopshavn som tjenestested
0.88 Driftsleder gravplass og kirketjener
0.88 kirkegårdsarbeider/vaktmester
0.88 Vaktmester
0.88 Kirketjener/kirkegårdsarbeider
0.88 Diakon
0.88 Fagarbeider - Sokna skole
0.88 Sykepleier 100 %
0.88 Organist
0.88 Vi søker dyktig medarbeider til helgestilling!
0.88 Kateket i Bolsøy
0.88 Mellombels stilling som fagarbeidar
0.88 Ledige stillinger i langvakts turnus- PRO Øvre
0.88 Lærer - Sokna skole
0.88 Sjukepleiar
0.88 Trosopplærer
0.88 Kirketjener
0.88 Kirketjener
0.88 Kirketjener
0.88 Grindvold omsorgsbolig: Fagbrev på jobb/pleiemedarbeidere
0.88 Trosopplærer
0.88 Vikar for sykehjemsprest
0.88 Tenestestadsleiar/Seksjonsleiar Måløy
0.88 Sosionom til ledig vikariat
0.88 Våken nattevakt ved Løkenåsen boliger
0.88 Sykepleier/vernepleier
0.88 Lærar
0.88 Brannkonstabel
0.88 Kommuneoverlege
0.88 Sykepleier
0.88 Rådgiver
0.88 Kirkeverge/ Daglig leder
0.88 Menighetspedagog i Molde domkirke
0.88 Helgestilling
0.88 Namsfullmektig
0.88 Lom kommune treng ein ny medarbeidar til merkantil stilling i helse og omsrog. Er det deg?
0.88 Daglig leder for Glemmen og Gamle Glemmen menigheter
0.88 Avdelingsleder på Krokemoa, Helgerød og Mosserød skole
0.88 Sosionom